OMBYGGING: Teikningane til nye Utla Café & Bar, som no blir heitande Tya Bakeri, er klare og ombygginga startar snart, fortel Torunn Todal Laberg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OMBYGGING: Teikningane til nye Utla Café & Bar, som no blir heitande Tya Bakeri, er klare og ombygginga startar snart, fortel Torunn Todal Laberg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her fortel ho om planane for Utla

Teikningane for nye Utla Café & Bar er klare og ombygginga startar snart.

Øvre Årdal: Det fortel Torunn Todal Laberg, som er marknadsansvarleg i Klingenberg Hotell. Måndag heldt ho eit foredrag om deira planar og aktivitetar under årsmøtet til Årdal Næringssamskipnaden, og då kom kafeen naturlegvis opp.

– Sjølvsagt skal Utla bestå. Ombygginga startar snart, teikningane er klare, og då kjem både Utla og Tya til å få namnet Tya. Det er konseptet me køyrer, seier Todal Laberg til Porten.no.

Allereie denne veka startar prosessen med å tilsette ein felles dagleg leiar som då får i oppgåve å samkøyre desse to kafeane i sentrum av Øvre Årdal. 

Vil opne før sommaren

Kafeen vart stengt over nyttår då det blei klart at Klingenberg hadde kjøpt opp Tya Bakeri. Sidan då har ein jobba med å få på plass eit nytt konsept. 

– Konseptet blir då å vidareutvikle det Tya Bakeri driv med i dag, men også med arrangement. Utla har ei sentral plassering både på grunn av kultursalen og Årdalsenteret, der det er venta auka aktivitet begge plassar. Dette vil me vera med på og bidra med alt me maktar, seier Todal Laberg.

– Det me ønskjer med Utla er då eit lokale som kan nyttast på dagtid til dei aktivitetane som er då, men at ein også lett kan forvandle det til noko anna på kveldstid. 

Målet er å opne innan 1. juni slik at kafeen er i drift når høgsesongen startar for fullt for reiselivet sin del.

Til toppen