Kaupanger: Årsaka til problema er at riksantikvaren og fylkeskommunen ikkje er nøgde med planane for utvidinga. Dei krev at den nye gravlunda blir betre tilpassa det historiske området rundt.
– Me jobbar med på spreng for å på plass nye teikningar så fort som mogleg, seier Jorunn Merete Haukås-Eide, kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger.
Ho seier det hastar. For konsekvensane kan bli at folk frå Kaupanger må gravleggjast ein annan plass.
– Viss dette trekkjer veldig ut i tid, så er det klart vi bekymra for at det kan skje, seier Haukås-Eide.
Les også: Set opp gjerde for å halde hjorten vekke
Les også: Eit av verdas beste kor kjem til Årdal
Historisk område = strenge krav
Området for utvidinga ligg tett ved den nesten 900 år gamle stavkyrkja og Kaupanger Hovedgård, som er over 300 år. Begge er freda.

– Då må du ha ein godt gjenomarbeida plan og vite kva du gjer. Vi har kome med merknader til søknaden om ein del ting vi gjerne ville dei skulle justere, seier Arlen Bidne i kulturavdelinga til fylkeskommunen.
Les også: Preikestolen kjem ikkje inn att
Ho fortel at justeringane handlar om å tilpasse utforminga betre til det historiske området rundt. Det gjeld alt frå gangvegar og parkering, til sjølve gravene.
– Vi er opptekne av at dei kulturhistoriske verdiane i landskapet blir tekne vare på, samstundes som at det blir ei gravlund det går an å drifte og som tek vare på dei praktiske behova til fellesrådet, seier Bidne.
Kan fort dra ut i tid
Fylkeskommunen lovar å behandle søknaden så fort som råd. Men det betyr ikkje at det er like før spaden går i jorda.
For det som går inn i papirmølla treng ikkje nødvendigvis kome ut på ei stund.
Først skal planane justerast, så skal justeringane stemmast over, så skal dei justerte planane sendast inn, så skal dei godkjennast, før dei kan leggjast ut på anbod. Og på kvar av etappane på denne stafetten er det alltid ein viss fare for å rykke tilbake til start.
– Det er viktig å få dette her i gong, for det er lite ledig graver på noverande kyrkjegard. Og når planane forhåpentlegvis er godkjende, så vil det fortsatt ta tid før opparbeidinga av arealet kan starte, seier kyrkjeverje Haukås Eide.