UNDER VATN: Vatnet har teke seg over kaia i Flåm og Løytnantsbryggja i Lærdal, men dei store skadene ser det ikkje ut til å bli. Foto: Arne Veum/Søren Ørbech Mo
UNDER VATN: Vatnet har teke seg over kaia i Flåm og Løytnantsbryggja i Lærdal, men dei store skadene ser det ikkje ut til å bli. Foto: Arne Veum/Søren Ørbech Mo

Her går bryggja og kaia under vatn  

Nokre kjellarar er utsette, men elles melder hamnevesenet i Aurland om at den varsla kjempefloa ikkje ser ut til å få dei store konsekvensane

Indre Sogn: – Det er klart me er glade for at dette ser ut til å gå veldig greitt. Det er ingen dramatikk. Kaia her er heilt fin, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje i Aurland, før han legg til:

Fullmåne og eit sterkt lågtrykk er bakgrunnen for ekstremfloda "Vidar", som torsdag føremiddag skal ha gitt vasstand på 60-80 cm over verdiane for flo som står i tidevasstabellen.

Laga alternativ kai til RIB-ane

Såleis har mannskap vore i beredskap i sognekommunane, men det ser ikkje ut til at dei kjem til å få dei heilt store katastrofene å hanskast med.

– Eit par kjellarar i Aurland er litt utsett, men eg har ikkje fått beskjed om at dei har fått vatn inn. Kaia der Fjordsafari har RIB-ane sine ligg under vatn, men me har ordna ei alternativ kai til dei. Så dei har med seg gjester som normalt, og gjestene går tørrskodde, seier Stedje.

– Er floda framleis stigande?

– Den ser veldig stabil ut og her heller litt på retur, seier Stedje klokka 1115.

Ber folk som ferdast på fjorden vera obs i næraste framtid

Ein konsekvens av ei så høg flod kan likevel vera at den dreg med seg trestammer og andre ting frå inne på land som blir liggjande i fjorden i etterkant.

– Difor oppmodar me folk om å vera ekstra observante no viss dei skal ut i båt næraste tida etter denne floda. Så er sjansane større for å unngå at ein køyrer på eller får trestammer og slikt i motoren, seier Stedje. 

I Lærdal har vatnet gått over kanten på Løytnantsbryggja, men meldingane Porten.no får herifrå er at floda ser ut til å passera utan å gjera dei store skadene her heller. 

Til toppen