Sogndal: Etter 430 kilometer, 4609 høgdemeter og nesten 22 timar på sykkelsetet kunne ryttarane i Vegards krefttråkk passere målstrek i Sogndal til jubel frå tilskodarane.
– Kroppen er trøytt og sliten, beina så som så, men humøret er heilt topp, seier Vegard Skjeldestad, mannen bak innsamlingsaksjonen.

Brukte den gode saka som motivasjon
Han var tolv år då han i 1994 sjølv fekk blodkreft. I år hadde han invitert gode vener til å sykle Jotunheimen Rundt til inntekt for ei aktivitetshelg for kreftråka barn.
– Eg var med på slike tilstelningar sjølv då eg var sjuk. Me tenkte me skulle prøva å få til noko tilsvarande, for det betyr enormt for dei som er råka av det, seier Skjeldestad.

Med pengane dei samla inn under løpet har innsamlingsaksjonen fått inn over 150.000 kroner. At dei sykla for noko meir enn berre eigne resultat var med på å gje krefter då det røyna på under løpet.
– Det er det som har drive denne gruppa, seier Skjeldestad.
– Eg utfordra dei, men sidan har dei teke eigarskap til det. Dei har verkeleg trent og lagt ned ein enorm innsats, for det er ikkje berre berre å sykla Jotunheimen rundt, seier han.
Oppturar og nedturar
Det er ikkje ei underdriving. Jotunheimen Rundt er verkeleg ei styrkeprøve, sjølv for dei godt trente. Berre det å sitte på eit sykkelsete i så mange timar er ein prestasjon. Skjeldestad seier dei har opplevd både regn og strålande vêr på turen, hatt oppturar og nedturar.
– Men det viktigaste er at det er ingen som har blødd
Vel i mål var det ein sliten, men humørfylt gjeng som tok imot gratulasjonar i målområdet. Etter å ha krona fleire månader med trening med suksess er det òg på plass med ei aldri så lita feiring.
– No skal me kanskje ha ei sider eller øl i kveld. Så skal eg på ferie, då får eg og papan setta oss ned og brainstorma kva me skal finna på den aktivitetshelga, seier Skjeldestad.
