STREIK: Frå laurdag morgon går 27 tilsette ved Quality Hotel i Sogndal ut i streik.
STREIK: Frå laurdag morgon går 27 tilsette ved Quality Hotel i Sogndal ut i streik.

Her går ein av tre tilsette ut i streik

– Me treng betre løn for å få betre rekruttering til yrket, seier tillitsvald.

Sogndal: Til saman jobbar rundt 80 personar i verksemda. Otto Ellingsen er kokk og tillitsvald for dei fagorganiserte. Han seier at 27 tilsette frå hotellet, pluss tilsette frå underavdelingane Cafè Sogningen og Cafè Prego, vil gå ut i streik frå laurdag morgon.

– Det vil bli oppretta streikevakt utanfor hotellet, der me vil dela ut foldarar til folk og fortelja om kvifor me streikar. Me håpar på forståing, sjølv om det er eit uheldig tidspunkt med alle konfirmasjonane, 17. mai og pinse som er i vente. Det er eigentleg den travlaste tida, seier Ellingsen.

Krev lokale forhandlingar

Årsaka til brotet mellom NHO og Fellesforbundet var krav om lokale forhandlingar. Ellingsen seier det er noko dei har etterspurt lenge. 

– Me treng betre løn for å få betre rekruttering til yrket. Slik det er no må vi ty til utanlandsk arbeidskraft. Vi vil snu den trenden, slik at norsk ungdom vel hotell- og restaurantfag, seier Ellingsen.

Sjølv om ein stor del av dei tilsette går ut i streik, håper han at hotellet prøver å halde oppe drifta.

– Så sant det let seg gjera, så er det noko eg ser positivt på. Vi òg er avhengige av å ha ein arbeidsplass å kome tilbake til. Men at dei vil kunne drive for fullt, det tvilar eg på, seier Ellingsen.

Håpar på å halde ope

Hotelldirektør Jørgen Christian Lindstrøm seier streiken vil få konsekvensar.

– Men på måte det veit vi ikkje enno.

Hotelldirektøren satsar på å halde hotellet ope, men eitt av grepa som kan verte aktuelle er å stengje ned enkelte avdelingar. 

– Men vi har ikkje full oversikt enno, så vi kan ikkje seie noko sikkert før vi veit kva vi gjer, seier Lindstrøm.

 

Til toppen