TAKKAR FOR SEG: Mogens Vasegaard har vore privatpraktiserande lege i Lærdal i ein halv mannsalder.
TAKKAR FOR SEG: Mogens Vasegaard har vore privatpraktiserande lege i Lærdal i ein halv mannsalder. (Bilde: Porten.no-tipsar)

Her går fastlegen til to tredelar av lærdølene ut døra for siste gong

Mogens Vasegaard (69) takkar for seg etter 28 år: – Eg har likt meg som lege for lærdølene og synst eg har blitt godt motteken heilt frå starten, seier han.



Lærdal: Då vi ringer er det ti minutt til han skal gå ut døra for siste gong.

– Det er jo vemodig å skulle slutte etter å ha jobba som lege her i lærdal i 28 år, konstanterer Vasegaard, som no er pensjonist.

– Fantastisk respons

Dei siste 17 åra har han vore fastlege for bortimot to tredelar av lærdølene. At dansken har sett spor i lokalsamfunnet kan det ikkje vere nokon tvil om. Reaksjonane på nyheita om at han skal slutte har vore overveldande

– Vi har fått masse blomster, sjokoladeesker og folk har skrive rosande ord. Det har vore ein heilt fantastisk respons, noko som sjølvsagt er veldig hyggjeleg, seier Vasegaard.

No ser han fram til mange gode år som pensjonist.

– Å ha fri heile tida blir ei heilt ny oppleving. Men det same gjeld alle som går over i pensjonisttilvêret. Det blir ei tilvenningssak. Så håpar eg å finne noko fornuftig å bruke tida til, seier Vasegaard.

Tung mann å erstatte

Spørsmålet er korleis kommunen skal greie seg utan dansken, som dei har vore heilt avhengige av i snart to tiår.

– Hehe, det får du nesten spørre dei sjølve om. Kommunen har tilsett fire nye legar, to i full stilling og to i tjue prosent, viss eg har skjønt det rett. Så dei burde vel greie å dekke opp for ein manns jobb, skulle ein tru, seier Vasegaard.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen, har berre gode skussmål å komme med.

– Eg må seia at Vasegaard har gjort ein kjempejobb, teke stort ansvar og drive denne praksisen på ein god måte, sa han då han kommenterte den føreståande avgangen i mai.

Til toppen