Lærdal: – I dag har me lagt plast på dei, så no er dei vel bevara.
Per Hjermann – både junior og senior – har dei siste dagane jobba med å få gulerotfrøa i jorda. Onsdag vart arbeidet ferdigstilt
– Det er voldsamt tidleg – ei eller to gonger før har me nok sådd på denne tida, men det er ikkje vanleg, seier Hjermann sr.
– Er det fare for frost?
– Det kan jo henda, men gulerøter med plast toler litt nattefrost – er det litt sol om dagen varmar den opp under plastikken. Så det er ikkje noko problem. Eg er meir bekymra for at det skal koma masse austavind – då bles plastikken av att. Det har skjedd, det kjem til å skje att, men me vil ikkje at det skal skje.
Artikkelen held fram under biletet

Potetene like rundt hjørnet
Når det gjeld potetene skal også dei straks i jorda.
– Fredag håpar me å koma i gang.
– Er det tidleg?
– Voldsamt tidleg, alt i mars er tidleg. Men også det har skjedd før.
Så då har Hjermann trua på poteter frå Lærdal før jonsok og gulerøter mellom 20. juli og 1. august ei gong.
– Ein god start på våronna, så me er optimistar. Det er lageleg fin jord, og ser veldig bra ut.