VENTETIDA GÅR NED: Ventetida ved sjukehusa i Helse Førde har gått kraftig ned i andre tertial i 2016 samanlikna med same periode i fjor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VENTETIDA GÅR NED: Ventetida ved sjukehusa i Helse Førde har gått kraftig ned i andre tertial i 2016 samanlikna med same periode i fjor. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Her går ventetida stadig nedover

Ved sjukehusa i Helse Førde har ventetida gått drastisk ned samanlikna med fjoråret. 

Lærdal: Det syner ventelistetala for andre tertial i 2016 som vart lagt fram torsdag. 

Oversikta for heile landet viser at gjennomsnittleg ventetid var 60 dagar for fysisk sjukdom (somatikk). Det er ein nedgang på åtte dagar frå same periode i fjor.

I Helse Førde er ventetida heilt nede i eit snitt på 51 dagar, viser statistikken. Det er seks dagar under første tertial og godt under målsetnaden på 65 dagar. 

– Kan vere nøgd med dette

Hans Johan Breidablikk i Helse Førde fortel at for september var tala heilt nede i 43. Fredag la han fram tala då styret hadde møte.

– Det har skjedd ei endring i systemet der me har slått saman to grupper med og utan prioritet til éi gruppe. Summen har då gått ned frå 64 i september i fjor til 43. Det er eit lågt tal i forhold til mange plassar i landet. Det trur eg ein skal vere nøgd med, seier han til Porten.no.

Folk møter opp til timane sine

Det er også andre faktorar som spelar inn samstundes. Tala gjeld hovudsakleg folk som ventar på time hjå poliklinikk, og her har Helse Førde køyrt eit prosjekt som har fått namnet «Alle møter».

– Her har me gjort mange tiltak for å få pasientane til å møte opp. Befolkninga i Sogn og Fjordane er faktisk dei flinkaste på Vestlandet, og då får me utnytta timane betre og kan planlegge lengre fram i tid, forklarar han. 

Framleis potensial

Det har gjort at ein etter kvart har byrja å ete seg nedover på ventelistene, og det er ingen grunn til å stoppe der, meiner Breidablikk.

– Når du først er på veg, kan du teoretisk kome lågare, og så finst det sikkert ei grense for kva som er teoretisk hensiktsmessig, men eit gjennomsnitt på 30 dagar er ganske akseptabelt. 

Samanlikna med same periode i 2015 er det tala for andre tertial ei forbetring på heile 18 dagar. (©NPK/Porten.no)

Til toppen