VIDEO

Her gir han Sogndal ein draumestart, men Molde slo tilbake og spolerte festen

Med scoringar frå Stanisa Mandic og Chidiebere Nwakali før 25 minutt var spelt, låg alt til rette for ein festaftan på Fosshaugane Campus, men Molde spolerte festen.

Sogndal – Molde 2-2

Sogndal: Solskjær hadde nok dei siste oppgjera mot Sogndal i tankane då han tok med seg sitt Molde i jakta på medalje. Kvittrøyene har nemleg hatt eit bra tak på Molde dei siste oppgjera.

Utan Eirik Schulze og Martin Ramsland (begge suspendert), som har stått for 18 av 26 målpoeng denne sesongen, skulle ein tru oppgåva vart endå tøffare for Sogndal, men i staden sjokkopna dei.

For i duoen sitt fråvær fekk mellom anna Stanisa Mandic sjansen frå start for første gong etter overgangen. Den sjansen hadde han ikkje tenkt å gi frå seg. Elleve minutt ut i kampen eskorterte han ei heading frå Even Hovland i mål og gav vertane ein draumestart.

KANONKULA: Nwakali viste nok ein gong fram den gode skotfoten sin då han banka inn 2-0.
KANONKULA: Nwakali viste nok ein gong fram den gode skotfoten sin då han banka inn 2-0. Foto: Snorre Sandemose

Det såg definitivt ut som at det var Sogndal som hadde mest lyst på tre poeng. Saftkokarane trykte på, hadde eit par gode moglegheiter og til slutt låg han. For n'te gong denne sesongen fyrte Nwakali til. Ballen segla vakkert opp i krysset til 2-0. 

Molde svarte – to gonger

Sogndal hadde fått ein perfekt start og hadde topplaget Molde i kne. No vakna også gjestene som også skulle få si scoring på ein dødball. Det var ti minuttar att til pause då det var mykje klabb og babb i feltet og ballen til slutt landa føre Björn Bergman Sigurdarsson. Frå to–tre meter kunne han enkelt banke inn reduseringa. Gjestane var ikkje langt unna utlikning heller då eit skot traff ein Sogndal-fot og stolpen. 

Sogndal kunne likevel ha fått med seg ei tomålsleiing til pause då Bendik Bye plutseleg hadde ein heil banehalvdel å spring på og kom åleine med keeper. Bye, som fekk sjansen i Ramslands fråvær, klarte ikkje halde hovudet kaldt nok, traff innsida av stolpen og ut. 

I staden skulle Molde straffe Sogndal nok ein gong på dødball. På overtid laga vertane eit billig frispark ute på venstrekanten. Petter Strand viste at Nwakali ikkje er den einaste som veit vegen til vinkelen og banka likesågodt inn utlikninga.

Etter kvilen kunne snuoperasjonen ha vore komplett om det ikkje hadde vore ein Dyngeland som er kjapp på labben. Sigurdarsson si avslutning gjekk via ein Sogndal-fot og forbi ein tilsynelatande utspelt Sogndal-keeper, men Dyngeland henta seg inn og fekk fanga ballen akkurat i det han var på veg over streken. 

Misbrukte sjansane

No tok Bakke grep og tok ut unge Ulrik Fredriksen for veteranen Kjetil Wæhler. Poenget skulle iallfall sikrast, men det betydde ikkje at heimelaget la seg heilt bakpå.

For ti minutt ut i omgangen fekk Bye nok ein sjanse åleine med keeper. Denne var hakket svakare enn den førre og til side for mål.

Begge lag var lystne på alle tre poeng, men samstundes forsiktige med å kaste alt dei hadde i angrep. Det la opp til ei nervepirrande avslutning på kampen med ei spent stemning på tribuna. 

Men fleire scoringar vart det ikkje. Sogndal får det eine poenget og dermed er det framleis veldig ope i botnen av tabellen.

Til toppen