SYKKELTUR: Denne helga er det sykkelfestival i Fagernes, og ein av turane gjekk frå Øvre Årdal, via gamlevegen over Sletterust. Her gjer gjengen seg klar for sykkelturen.
SYKKELTUR: Denne helga er det sykkelfestival i Fagernes, og ein av turane gjekk frå Øvre Årdal, via gamlevegen over Sletterust. Her gjer gjengen seg klar for sykkelturen. (Bilde: Ingar Klubben)

Her gjer dei seg klar til å sykla gamlevegen over Sletterust

– Eg snakka nettopp med nokre som meinte at dette var ei av dei flottaste rutene dei hadde sykla.

Årdal: Det fortel Tonje Sameien i Fri Flyt. Denne helga er mange sykkelentusiastar samla på på Fagernes på sykkelfestivalen «Samling» som magasinet Landevei arrangerer.

Dette er ei samling for landevegssyklistar, der ein enkelt og greitt møtast og syklar fine turar. Dei ivrigaste har sykla heile vegen frå Oslo for å vere med – nokon av dei syklar også tilbake igjen frå Fagernes.

Festivalen bli arrangert for andre året på rad. I år er første gong deltakarane får moglegheit til å sykle frå Årdal til Fagernes. Då vert folk frakta frå Fagernes om morgonen, og så syklar dei tilbake i samla gruppe.

Syklar frå Lærdal i morgon

I tillegg til denne turen går det også to andre litt kortare turar, som startar direkte frå Scandic Hotell i Fagernes, der festivalen har base for helga.

– Det er viktig for oss at det er noko for alle, både for dei som likar å dra på med 15-20 mil om dagen og også dei som har lyst til å sykla litt kortare turar, seier Sameien.

Laurdag er det ny runde med tre nye turar der ein av dei går frå Lærdal. Då syklar gjengen frå Lærdal, mot Hemsedal og så ned til Fagernes. Tanken bak er å syna fram det beste som området har å by på, fortel ho.

Sykla gamlevegen

Syklistane som starta i Øvre Årdal fredag, sykla gamlevegen over Sletterust, mot Beitostølen og så ned til Fagernes.

– Me syklar hovudsakleg på sidevegar og fjellvegar. Det gjer me over alt. Me prøver å unngå hovudvegane, fortel ho vidare og legg til at syklistane var godt nøgde med turen.

– Eg snakka med nokre som var med på turen, og dei meinte at dette var ei av dei flottaste rutene dei hadde sykla. Det var kjempenøgde.

Sykkelfestivalen pågår frå torsdag til søndag, og i tillegg til å sykla, dreier det seg om å ha det fint på tur, eta god mat og få gode opplevingar.

– Når me er på tur, stoppar me på fjellgardar eller restaurantar og et, tar oss ei øl eller ein kaffi. Det viktigaste er det sosiale, seier ho.

Til toppen