OPPSTARTSMØTE: Representantar frå fylkeskommunen, Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking og private verksemder frå heile fylket var i dag samla til eit første møte for å diskutere realiseringa av eit vitensenter på Kaupanger.

Her har dei det første møtet om vitensenteret

Tunge aktørar var i dag samla for å diskutere spenstige planar om eit «læreland» for heile fylket på Kaupanger.

Kaupanger: Det finst i dag ti såkalla vitensenter i Norge, altså opplevingssenter der besøkande kan lære om vitskap og teknologi ved å eksperimentere sjølve.

Satsinga på regionale vitensenter blir finansiert av Kunnskapsdepartementet og målet er å auke interessa for realfag, spesielt blant barn og unge. Senteret på Kaupanger, viss det blir noko av, vil bli det første i Sogn og Fjordane.

– Du kan kalla det eit interaktivt læreland, seier Tor Arne Ness, leiar i Kaupanger Næringsforening.

Les også: Jobbar med å få vitensenter på Kaupanger

MOGLEG PLASSERING: Tor Arne Ness i Kaupanger Næringsforening seier tomta til Sogndal vidaregåande skule på industrifeltet er ein heit kandidat for framtidig plassering av signalbygget.
MOGLEG PLASSERING: Tor Arne Ness i Kaupanger Næringsforening seier tomta til Sogndal vidaregåande skule på industrifeltet er ein heit kandidat for framtidig plassering av signalbygget.

Har tunge aktørar i ryggen

I dag var aktørane som jobbar for å realisere eit slikt vitensenter på Kaupanger samla til oppstartmøte. Her var representantar frå fylkeskommunen, Sogndal kommune, Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, samt private verksemder frå heile fylket.

– Når du får så mange gode krefter med på laget gir det motivasjon og eit håp om at dette kan vera mogleg å realisera. Det er veldig spanande, seier Ness.

På dagens møte gjekk diskusjonen på kva eit slikt senter skal innehalde. Dei konkrete planane kjem ikkje før i november, men allereie no teiknar dei første konturane seg. 

– Det er ganske unisont at me må tufta dette på vår identidet, på dei naturressursane og næringane me har her i Sogn og Fjordane. Fornybar energi, industri, reiseliv og matproduksjon er element som kjem til å vera ein del av eit slikt senter, viss vi greier å realisera det, seier Ness.

Samanfallande interesser er nøkkelen

Han legg ikkje skjul på at det er luftige planar dei lanserer, men har samstundes trua på at dei skal få til noko spanande. Nøkkelen blir å få fleire til å dra lasset, prinsippet som i si tid gjorde at Campus på Fosshaugane vart til.

TO FLUGER: Transport og logistikk-linja til Sogndal vidaregåande skule treng ei oppgradering. Fylkeskommunen ser no på moglegheitene for ei samlokalisering med det framtidige vitensenteret.
TO FLUGER: Transport og logistikk-linja til Sogndal vidaregåande skule treng ei oppgradering. Fylkeskommunen ser no på moglegheitene for ei samlokalisering med det framtidige vitensenteret.

– Næringslivet er opptatt av realfagkompetanse, dei treng ferdig utdanna ingeniørar til dei næringane me har her i fylket. Viss me realiserer eit slikt bygg, så kan det innehalda meir enn berre eit reint vitensenter, det kan òg vere næringsaktivitetar innanfor innovasjon og samarbeid på andre område, seier Ness.

Eit anna eksempel på samanfallande interesser er ønsket til fylkeskommunen om å oppgradere fasilitetane til Transport og logistikk-linja til Sogndal vidaregåande skule, som held til nettopp på Kaupanger.

– Me har allereie gått i dialog med fylkeskommunen om ei tomt me ser potensiale i å utvikla ved riksvegen. Så vil me jobba vidare med prosjektet til november for å sjå om det let seg realisera, seier Ness.

Til toppen