FULL STRID: Veganlegget i Hodlekve er kimen til ein konflikt som har pågått mellom utbyggjar og hyttefolk dei to siste åra. 
FULL STRID: Veganlegget i Hodlekve er kimen til ein konflikt som har pågått mellom utbyggjar og hyttefolk dei to siste åra. 

Her har dei krangla om veg i to år – no går saka for retten​

Den bitre vegstriden mellom hyttefolket og utbyggarane i Hodlekve kan snart bli avgjort. – Dei føler dei har blitt forsøkt lurt, seier advokat.

Sogndal: I dag går andre og siste dag av forhandlingane i Indre Sogn jordskifterett, medan ei avgjerd i saka er venta først i midten av desember.

– FØLER SEG LURTE: Advokat Arne Gjeraker seier hytteeigarane i Hodlekve føler seg lurte. Til høgre Jan-Erik Jensen, ein av dei 29 han representerer i saka.
– FØLER SEG LURTE: Advokat Arne Gjeraker seier hytteeigarane i Hodlekve føler seg lurte. Til høgre Jan-Erik Jensen, ein av dei 29 han representerer i saka.

– Eg er veldig spent på utfallet. Det vil avgjere om vi kjem til å trivast her i framtida, seier Jan-Erik Jensen, ein av hytteeigarane som var tidleg ute med å skaffe seg tomt då salet vart opna i Hodlekve tilbake i 2012.

Striden står om kven som skal ha ansvaret, ikkje minst økonomisk, for å drifte vegane i det nye hyttefeltet ved skisenteret i Hodlekve. Hyttefolket kjøpte tomter i den tru at alle vegar, inkludert dei som går inn til kvar enkelt hytte, skulle vere offentlege. Sognefjorden Utvikling, derimot, har krevd at hytteeigarane skiper eit grendalag som skal ha ansvar for drifta av stikkvegane.

At desse vegane skal vere deira private meiner hyttefolket aldri har blitt nemnt og det står heller ikkje eksplisitt i kjøpskontraktane, sjølv om det er usemje om tolkinga av denne.

– Dei føler dei har blitt forsøkt lurt, seier advokat Arne Gjeraker, som representerer 29 av tomtekjøparane.

Les også: Jobbar på spreng for å få nytt barnetrekk til årets sesong
Les også: No vil skisentera i Sogn satse på stisykling

OMSTRIDD STIKKVEG: Hyttefolket meiner dei aldri har takka ja til å sørge for vedlikehald av vegane, ei heller stikkvegane inn til hyttene. Utbyggaren har ei anna oppfatting.
OMSTRIDD STIKKVEG: Hyttefolket meiner dei aldri har takka ja til å sørge for vedlikehald av vegane, ei heller stikkvegane inn til hyttene. Utbyggaren har ei anna oppfatting.

Steile partar

Even Hegbom, dagleg leiar i Sognefjorden Utvikling, har naturlegvis ei anna oppfatting. I ettertid ser han at formuleringane i kontraktane kunne ha vore enno tydlegare.

– URIMELEG: Even Hegbom (t.v) i Sognefjorden Utvikling meiner det er urimeleg dersom hytteeigarane skal sleppe unna utgifter til vedvelikehald. Til høgre advokatane Jan Ivar Brataas og Pål Heldal. 
– URIMELEG: Even Hegbom (t.v) i Sognefjorden Utvikling meiner det er urimeleg dersom hytteeigarane skal sleppe unna utgifter til vedvelikehald. Til høgre advokatane Jan Ivar Brataas og Pål Heldal. 

Likevel meiner han dei ikkje var til å misforstå. Spesielt ikkje sidan han, ifølgje han sjølv, la fram ei mogleg ordning for drifta av vegane allereie på det første salsmøtet.

– Det står i kontrakten at ein skal etablere eit hyttegrendalag, som har som formål å forvalte fellesareal og anlegg. Det er grunnlaget for at vi meiner hytteeigarane har ein plikt til å drifte desse vegane. Det ville vore heilt urimeleg om storsamfunnet, innbyggjarane i Sogndal, skattebetalarane, skulle ta utgiftene for drifta av vegane i eit hyttefelt. Eg kjenner ikkje til nokon annan plass i landet at det er tilfelle, seier Hegbom.

Saka kan hamne i tingretten

Advokat Arne Gjeraker meiner Sognefjorden Utvikling ikkje kunne forvente at hyttefolket skulle oppfatte at «fellesareal og anlegg» òg omfattar vegar.

– Her er det snakk om kontraktar til nesten èin million kroner. Men Sognefjorden Utvikling, den profesjonelle parten, fortel ikkje at du skal ha ansvar for vegen i den kontrakten. Det er så enkelt som det, seier han.

– Dei kan ikkje forvente at folk skal ta på seg kostnader på mellom fem og ti tusen i året til brøyting og drifting av vegane der oppe, når dei ikkje vart førespegla dette, held han fram.

Dette er òg grunnen til at Gjeraker har bedd om at saka blir ført i det ordinære rettsapparatet. Han meiner konflikta kokar ned til kva rettar og pliktar tomtekjøparane tok på seg då dei signerte avtalen. Og avtalerett fell utanfor kompetansen til jordskifteretten.

– Denne saka må løysast

Investor Even Hegbom håpar på ei snarleg løysing. All usemja har skapt usikkerheit rundt prosjektet, som igjen går utover tomtesalet.

– Dette her har ikkje vore bra. Det er utruleg viktig å få løyst denne saka og det er difor vi har måtta gå til det skrittet å ta den til jordskifteretten, når vi ikkje fekk til ei frivillig ordning, seier han.

Hegbom vil ikkje spekulere i kva konsekvensar det vil få for satsinga om utviklingsselskapet ikkje får gjennomslag for si framstilling i retten. Men ønskjet om å lykkast i Hodlekve er der framleis.

– Hodlekve er eit fantastisk godt prosjekt og vi har masse interessentar, så ambisjonane er dei same. Men denne saka må løysast, seier Hegbom.

Til toppen