Øvre Årdal: Det er framleis att nokre veker til jul, men torsdag var torget i Øvre Årdal fylt av små nissar frå Farnes skule.
Dei gjekk rundt julegrana som vart tend under julegateopninga i november og song julesongar. Dette er ein juletradisjon på skulen – til glede for dei som tuslar over torget på rett tid.
Som eit 17. mai-tog bar det ned att på skulen, med ein liten fotostopp halvvegs, før julegraut skulle hivast nedpå før klokka ringer.