JUBEL: Ein gjeng glade jenter etter å ha sikra seg avansement til A-sluttspelet i sluttminutta. Foto: Privat.
JUBEL: Ein gjeng glade jenter etter å ha sikra seg avansement til A-sluttspelet i sluttminutta. Foto: Privat.

Her har dei nett sikra seg A-sluttspel

J16-laget til Lærdal IL sikra seg avansement i Norway etter ein målrik kamp mot Ørsta – og det litt mot oddsane. 

Ekeberg/Lærdal: På grunn av skadar og sjukdom har Lærdal berre med seg åtte spelarar til «verdas største fotballturnering», som Norway Cup ofte vert kalla.

Men skadar og sjukdom har så langt ikkje vore noko hindring. Jentene har nemleg til gode å tapa etter å ha opna med 2-1 mot Søndre Land og 3-2 over Korsvoll.

– Det er heilt fantastisk. Det er nesten slik at ein må klypa seg i armen. Me har berre med oss åtte spelarar, så me bestemte oss for at me skal ha det moro uansett, men så går dei hen og vinn dei første kampane. Dei har levert ein kjempeinnsats, seier ein tydeleg kry lagleiar, Dag Arne Helland. 

Utlikna to minuttar før slutt

Måndag kveld møtte laget Ørsta i håp om å fortsette den gode rekka, men her fekk lærdølene kamp til døra i det som skulle bli ein målrik kamp. Raudtrøyene leia heile vegen, men då det byrja å dra seg til, snudde Ørsta 3-4 til 5-4-leiing.

– Men to minuttar før slutt utlikna me. Det var utruleg viktig at me fekk det poenget, elles måtte me vinna dagens kamp mot Flekkefjord. No er me i A-sluttspel uansett i staden.

Inspirert av Kaupanger

Lærdal toppar nemleg pulja si med sju poeng. Rett bak ligg Flekkefjord med seks poeng. Laget frå Sogn er sikra topp to uansett, men med siger mot nettopp Flekkefjord i dag, vil dei gå rett til åttedelsfinalen i staden for å spele 16-delsfinale.

– Me tar ein kamp av gongen, og eg vil uansett seia at dette har overgått all forventning, seier Helland.

– Er Kaupanger-jentene som gjekk heile vegen i Dana Cup ein inspirasjon?

– Det er klart det. Me ser at nivået på laga frå Sogn er veldig høgt. Me møter lag som har fleire tusen innbyggjarar meir enn Lærdal, så det er berre heilt utruleg. Eg trur det viser at me gjer mykje bra arbeid her og får mykje ut av dei ressursane me har. 

Til toppen