TOK BRONSE: Her står Roger Navarsete på pallen i EM, med bronsemedaljen hengande som eit bevis på prestasjonen rundt halsen. Men sjølv dagen etter har det ikkje heilt demra for han kva har utført.
TOK BRONSE: Her står Roger Navarsete på pallen i EM, med bronsemedaljen hengande som eit bevis på prestasjonen rundt halsen. Men sjølv dagen etter har det ikkje heilt demra for han kva har utført.

Her har det enno ikkje heilt gått opp for sogndølen at han har teke EM-bronse

Han har knapt landa etter EM-bragda, men Roger Navarsete (26) tenkjer allereie på neste mål. – Du vil alltid ha meir kilo på stanga, det blir som ein ond sirkel, seier han.

Island: Under EM i benkpress i går tok Roger Navarsete bronse med eit løft på 290 kilo. Det er ti kilo over den førre personlege rekorden.

Når vi ringer står han i kø for å sjekke inn bagasjen på flyplassen. Dagen før gjorde han sin livs prestasjon. 

– Det har ikkje heilt sunke inn enno. Det vil nok sikkert demra litt utover veka, seier Navarsete.

Les også: Tunge vekter og rå makt
Les også: Sikra to gull i benkpress

STERK TRIO: Desse tre utøvarane frå Sogn og Fjordane gjorde det sterkt under EM i helga. Fredrik Eskil Myrvang (Førde) tok sølv i klassen for utøvarar under 59 kilo, Roger Navarsete (Sogndal) tok bronse i klassen for utøvarar under 93 kilo, medan Tommy Navarsete (Sogndal) tok 4. plass, også han i klassen for utøvarar under 93 kilo.

Blir pirra av den magiske grensa

Han fortel at han var i ei heilt eiga sone då han gjekk ut for å løfte. På spel stod alt slitet, alle dagane og timane med trening han har lagt ned. Først då stanga var attende i stativet skjønte han kor tungt han hadde løfta. 

Ti kilo over pers og bronse i ein internasjonal konkurranse. 

– Det er ei heilt eiga kjensle som ikkje går an å beskrive. Det er lettelse og det er glede. Samtidig så blir du berre meir og meir svolten . Du vil alltid ha meir kilo på stanga, det blir som ein ond sirkel, seier Navarsete. 

Dermed blir det berre ei veke med roleg trening. Så skal han leggje planen for hausten og neste sesong. Med rekordløftet i EM nærmar han seg stygt den magiske grensa på 300 kilo.

– Den ligg og pirrar der framme. Akkurat no er eg berre glad for å ha løfta 290, men det hadde vore kjekt å ta 300 ein dag, seier Navarsete.

Vil gjere pallplass til ei vane

Han blir ikkje den første til å greie det, ei heller den første sogningen. Klubbkollega Dag Andrè Mo løfta 305 kilo i 2014. Med det vart han den lettaste utøvaren i Norge til å gjere akkurat det. Roger Navarsete er fleire vektklassar under det igjen. Nærare bestemt klassen for utøvarar under 93 kilo.  

– Det hadde vore kjempekjekt å bli den første til å ta 300 kilo med under 100 kilo i kroppsvekt, seier Navarsete.

Framleis er han berre tjueseks år og har mange år framfor seg til å bli enno sterkare. I første omgang handlar det om å bli stabil i toppen. 

– Målet no får bli å gjere det til ei vane å hamne på pallen, seier han.

Ein annan Navarsete, søskenbarnet Tommy, gjorde òg sine saker sterkt i EM. I same vektklasse løfta han 270 kilo og tok fjerdeplassen i konkurransen.

Til toppen