VEKST: Kut Maristuen (t.v.) har opplevd stor vekst i utleige av hytter denne sommaren. No bør gode krefter dra i hop for å leggja meir til rette for auka vandring langs Kongevegen er han og stortingskandidatane frå Senterpartiet, Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete samde om.
VEKST: Kut Maristuen (t.v.) har opplevd stor vekst i utleige av hytter denne sommaren. No bør gode krefter dra i hop for å leggja meir til rette for auka vandring langs Kongevegen er han og stortingskandidatane frå Senterpartiet, Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete samde om.

Her har det vore 40 prosent auke i talet på turistar

Hytteutleiget hjå Knut Maristuen har gått forrykande i sommar, delvis grunna fleire vandrarar på Kongevegen. Men no må det tilretteleggjast betre, er både han og politikarar samde om.

Lærdal: - Det er svært gledeleg å sjå at Kongevegen og det prosjektet gir så stor vekst i reiselivet, slik at ein kan byrja å gjera næring ut av det, seier Aleksander Øren Heen (Sp), på vitjing på Maristova i samband med valkampen.

Talet på turistar har auka med 40 prosent hjå Knut Maristuen, talet på utleigde einingar har auka med 30 prosent.. 

- Deler av sesongen har det vore oppbooka. Det er nok ein like stor del utanlandske turistar som vil sjå naturen i Noreg som det er vandrarar på Kongevegen. Men det har vore ein god del førespurnader i samband med Kongevegen som har kome seint så det har vore fullbooka.

Ser føre seg tilrettelagde kvilepunkt og meir nøyaktig informasjon

Kongevegen fekk den vidgjetne Europa Nostra-prisen i vår, noko som nok kan forklara den store auken i talet på vandrarar.

Les også: Denne vegen har fått kulturminnevernet sitt svar på Oscarprisen

Maristuen er også styreleiar for nettverket av kongevegsbedrifter. Han fortel han ikkje har fått inn tal frå andre bedrifter langs Kongevegen enno, men at inntrykket er vekst i overnattingar over heile fjøla.

Samstundes  er han klar på at det no bør gjerast ein jobb for å tilretteleggja betre for den auka mengda vandrarar.

- Utifrå mine eigne erfaringar og opplevingar ser eg det er behov for kvilepunkt der ein kan få setja seg ned på benkjer, til dømes. Stader der ein kan hyva søppel, tanka vatn og gå på do. At parkeringsplassane blir godt skilta er ein annan ting.

Mange vandrarar går etappe for etappe langs Kongevegen frå Vang til Lærdal eller omvendt. På deler av strekninga må ein gå på asfalt, og her ser Maristuen eit stort informasjonsbehov.

- Betre og meir nøyaktig informason på nett pluss betre trykt informasjon trur eg ville gjort seg. Ein bør få inn meir detaljar om enkeltstrekningar.

- Systemet må henga med

Midt på sommaren vart det også sett opp ein buss som skyssa vandrarane mellom dei ulike strekningane. Bussen dekte eit behov, men Maristuen meiner ein må sjå på organiseringa av ordninga.

Les også: Fraktar folk og fe med kongevegsbussen

- Det gjekk jo bra, men bussen gjekk også med eit godt underskot. Ved å ha betre informasjon om bussen som er tilgjengeleg frå starten av sesongen vil vandrarane kunne planleggja betre og nytta seg av tilbodet i større grad. Me bør kanskje prøva å få med fleire på finansieringa av denne ordninga, og det kan kanskje sjåast i ein større transportsamanheng.

- Det er viktig at vandringa på Kongevegen ikkje fører til belastning på dei som bur langs vegen. Systemet må henga med. Så me må ta nokre diskusjonar, mellom anna med kommunane, seier Maristuen.

Øren Heen i Senterpartiet er inne på det same

- Innsats både frå det offentleg og private har vore viktig for å få til det ein har fått til med Kongevegen. Statens Vegvesen har gjort mykje med vegen, og det er viktig dei har pengar til å utvikla den vidare - og at det blir tilrettelagt godt. Sogn er ein god turistdestinasjon der me byrjar å få nokre store magnetar; Kongevegen, Rallarvegen og Utladalen. Då er det viktig at me tek vare på dei.

Til toppen