UTAN MOBILDEKNING: Aurlandsvegen mellom Lærdal og Aurland har ei strekke på vel tre mil som er utan mobildekning. Foto: Jan Christian Jerving
UTAN MOBILDEKNING: Aurlandsvegen mellom Lærdal og Aurland har ei strekke på vel tre mil som er utan mobildekning. Foto: Jan Christian Jerving

Her har du ikkje mobildekning

Vel tre mil av fylkesveg 243 mellom Aurland og Lærdal manglar mobildekning. 

– MÅ FÅ INFORMASJON: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, meiner bilistane bør få informasjon om manglande dekning. Arkivfoto
– MÅ FÅ INFORMASJON: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, meiner bilistane bør få informasjon om manglande dekning. Arkivfoto

Sjølv om ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, helst hadde sett at vegen fekk mobildekning, seier han til NRK Sogn og Fjordane at bilistane i det minste bør få informasjon om at det manglar mobildekning. 

Dersom ulykka råkar på denne strekka på Aurlandsvegen, får ein dermed ikkje tak i hjelp. 

Telenor har heller ingen planar om å gjere noko med dekninga.

Nils Magne Slinde, Avdelingsdirektør i Statens vegvesen seier til NRK at dei ikkje har noko skilt som informerer trafikantar om manglande mobildekning. Likevel seier han at kommunane kan søkje Statens vegvesenet om å få setje opp skilt, så skal det fort bli klart kva ein kan gjere med saka. 

Aurlandsvegen har status som Nasjonal turistveg og er eit attraktivt reisemål. 

Les også: Full fres på Snøvegen

 

Til toppen