SKULEVAL: Jorunn Grøndal, Mathilde Grøttebø og Amalie Forthun i 9. klasse på Lærdalsøyri skule på veg til stemmeurna. Dei fortel dei tykkjer det er spennande å sjå korleis det blir å stemme etter dei blir myndige og å få vera med å bestemme korleis ting skal vera. For dette valet er også dei spesielt opptekne av at ungdomsklubben Kosen skal blir betre. Foto: Ina Eirin Eliassen

Her har du resultatet av ungdomskulevalet

Engasjerte elevar på ungdomstrinnet på Lærdalsøyri skule hadde også kommuneval måndag. 

Lærdalsøyri: Tidligare på dagen var dei igjennom debatt, der fem tøffe elevar stilde som partileiarar for dei fem politiske partia i Lærdal og med rektor Terje Horvei som ordstyrar.

Dei har også hatt toppkandidatane til kommunevalet i Lærdal på besøk, der dei fekk moglegheit til å spørja dei ut om saker som opptok dei. 

Les også: Dei unge ønskte svar frå politikarane

Kjekt å jobbe med valet på skulen

Tre og tre kjem dei bortover gangen på Lærdalsøyri skule. Adrian Vognstølen Ringø, i 8b, tykkjer det er artig og spennande å jobbe slik med valet. Han fortel han har sett seg litt inn i sakene som gjeld Lærdal. 

Artikkelen held fram under biletet

VALETS KVALER: Adrian Vognstølen Ringø, 8b, er klar til å velje det han meiner er riktig parti til å styra framover.
VALETS KVALER: Adrian Vognstølen Ringø, 8b, er klar til å velje det han meiner er riktig parti til å styra framover.

– Kva var avgjerande for det valet du tok i dag?

– Det var kva partia vil gjera med ungdomsklubben Kosen. Me vil ha eit nyare bygg då det er gamalt det me har no. Eg veit fleire av partia sa dei vil gjere noko med Kosen, men eg valde det partiet som kom med den beste grunnen, seier Adrian. 

– Eg gler med til eg blir 18

Knut Olav Bjørketun Bøe tykkje også det er artig å vera med å røyste. Han fortel det var litt forskjellig som avgjorde kven som fekk røysta hans. Men mest av alt tykkjer han trivsel og eit betre miljø for ungdom er viktig for dette valet. 

Artikkelen held fram under biletet

TRIVEEL: Knut Olav Bjørketun Bøe, 8a, har akkurat slept si røyst ned i urna på skulevalet på Lærdalsøyri skule.
TRIVEEL: Knut Olav Bjørketun Bøe, 8a, har akkurat slept si røyst ned i urna på skulevalet på Lærdalsøyri skule.

– Det blir spennande å følgje med. Eg gler med til eg blir 18 år og kan på alvor vera med å bestemme korleis ting skal vera. No har eg lyst at Jan Geir (Sp) skal fortsette, då eg tykkjer han er god til å styra kommunen, seier Knut Olav. 

Inger Johanne Kaardal og Per Gjesdal, som er med i elevrådet ved skulen og går i 9. klasse, teljer til slutt opp korleis dei 80 røystene fordelte seg, i lag med Målfrid Aspeseter, som er kontaktlærar for 9. klasse. 

Og resultatet vart...

– Elevane har vore så engasjerte undervegs som me har jobba med valet, det er kjekt å sjå. I tillegg har det vore moro for oss lærarar å jobbe i lag på ungdomstrinnet, seier Aspeseter. 

Artikkelen held fram under biletet

OPPTELJING: Målfrid Aspeseter, kontaktlærar for 9. klasse, Inger Johanne Kaardal og Per Gjesdal, frå elevrådet, sjekkar at talet på røyster blir riktig.
OPPTELJING: Målfrid Aspeseter, kontaktlærar for 9. klasse, Inger Johanne Kaardal og Per Gjesdal, frå elevrådet, sjekkar at talet på røyster blir riktig.

Og når alle røystene endeleg var talt opp, og dobbeltsjekka fleire gonger er svaret klart for ungdomsskulevalet på Lærdalsøyri skule. 

Lærdal Arbeidarparti vann med 51,25 prosent, etterfølgt av Lærdal Senterparti med 35 prosent. Det vart delt mellom Lærdal Høgre og Lærdal Sosialistisk Venstreparti med 6,25 prosent og Lærdal Venstre fekk dårlegast oppslutning med 1,25 prosent. 

Til toppen