NEDGANG: Årdal kommune har ein nedgang i folketalet på 24 personar i 1. kvartal 2017, viser tal frå Statistisk sentralbyr. Ingen kommunar i Sogn og Fjordane har større nedgang. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NEDGANG: Årdal kommune har ein nedgang i folketalet på 24 personar i 1. kvartal 2017, viser tal frå Statistisk sentralbyr. Ingen kommunar i Sogn og Fjordane har større nedgang. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Her har folketalet gått kraftig ned i årets tre første månader

– Me gjer alt for både å skapa arbeidsplassar og for at fleire skal flytta til bygda, seier ordføraren i Årdal. Sjekk tala for din kommune.

Årdal: På årets tre første månader har folketalet i Årdal minka 24, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Eit fødselsunderskot på 10 og ei netto innflytting på -14 er årsaka til nedgangen.

Det kjem etter at kommunen avslutta 2016 på positivt vis med ein liten auke på fire nye innbyggjarar. Etter 1. kvartal av 2017 er innbyggjartalet no nede i 5339 personar.

– Det er ikkje noko ønskjeleg. Me gjer alt for både å skapa arbeidsplassar og at fleire skal flytta til bygda. Eg har ikkje analysert tala, men slik er røynda, så no må me berre stå på for å snu trenden, seier Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal. 

Har mykje på gang

Kommunen hans og nabokommunen Lærdal er dei einaste i Indre Sogn som har nedgang i folketalet. Faktisk er det ingen kommunar i fylket som har større nedgang enn Årdal.

Sjå oversikt nedst i artikkelen.

MÅ STÅ PÅ: Arild Ingar Lægreid konstaterer at kommunen hans må stå på for å bremse nedgangen i folketalet. 
MÅ STÅ PÅ: Arild Ingar Lægreid konstaterer at kommunen hans må stå på for å bremse nedgangen i folketalet. 

– Det er viktig at ein held på folketalet. Det vil ein også merke att på økonomien til kommunen. Men me har prosjekt på gang, som eg ikkje kan seie no om det blir noko av. Det er oppgang i industrien. Hydrogen-prosjektet veit me enno ikkje utfallet av. Norsun er inne i ei positiv utvikling, og Hydro investerer så smått, ramsar ordføraren opp.

– For tida har me ei stor satsing på reiselivet, som eg håpar gir nye arbeidsplassar. I tillegg satsar me på kompetanse med ein strategi for den vidaregåande skulen i kombinasjon med reiselivet. Der prøver ein å styrka skulen og rekrutteringa til industrien.

Positiv trend held fram i Aurland

For dei resterande fire kommunane inst i Sognefjorden er det vekst. Størst auke har ikkje uventa Sogndal med 35. Berre Flora har større vekst i Sogn og Fjordane.

GOD TREND: Noralv Distad i Aurland meiner auken berre stadfestar den gode trenden som kommunen opplever i folketalet.
GOD TREND: Noralv Distad i Aurland meiner auken berre stadfestar den gode trenden som kommunen opplever i folketalet.

Dei som jublar mest er kanskje Aurland som held fram den fine trenden med vekst i folketalet. Sidan slutten av 2009 har kommunen berre hatt auke. I 1. kvartal 2017 er auken på fire nye innbyggjarar. I heile 2016 hadde dei ein folkevekst på 23 personar.

– Dette stadfestar den gode trenden. Sjølv om det ikkje er dei store tala frå år til år, så merkar me det. Det har vore ei positiv utvikling i næringslivet der reiselivet gjer godt og stadig strekker sesongen slik at me får heilårsarbeidsplassar. Det har også vore eit aktivt år i entreprenørbransjen, fortel Noralv Distad, ordførar i Aurland.

Heilårsreiseliv er drivkrafta

Han seier dei har merka eit voldsomt press på bustadmarknaden den siste tida, der det også er blitt bygd mange nye bueiningar i tillegg til pågåande prosjekt. 

– Den store drivkrafta ligg nok i eit heilårsreiseliv, der me framleis har stort potensiale. Det betyr utruleg mykje på grunn av ringverknadene det har på til dømes handelen og servicebedriftene. 

Kommune Folkevekst 2016 1. kvartal 2017 Innbyggjartal
Leikanger 34 5 2 337
Sogndal 102 35 7 976
Aurland 23    
Lærdal -13 -3 2 156
Årdal 4 -24 5 339
Luster 58 16 5 167

 

Til toppen