SOLO: Her har Jon Torleif Gram frå Borgund nettopp landa på bakken etter si første soloflygning. Dette er ein av dei største milepålane til elevane ved helikopterskulen i Sandefjord. Foto: Privat.
SOLO: Her har Jon Torleif Gram frå Borgund nettopp landa på bakken etter si første soloflygning. Dette er ein av dei største milepålane til elevane ved helikopterskulen i Sandefjord. Foto: Privat.

Her har han nettopp flydd solo for første gong

– Det er ei heilt fantastisk kjensle, seier Jon Torleif Gram frå Borgund.

Borgund/Sandefjord: Gram er elev ved European Helicopter Center i Sandefjord. No tek han juleferie med ein viktig milepåle i boks – å fly solo. 

– Det er ei heilt fantastisk kjensle, seier han. 

Helikopterskulen på Sandefjord Lufthavn Torp utdannar morgondagens pilotar i alt frå luftambulanse, offshore til Airlift. Ein viktig milepåle er å fly solo for første gong og dermed få to striper på skuldrane.

– Det er to ulike kjensler ein føler. Ein er glad, men samstundes vert det umiddelbart vanskelegare å fly. Helikoptra er ganske små, så ein merkar det godt at instruktøren ikkje er med. Ein kan samanlikne det med å køyre bil åleine for første gong, men der ein er mest glad i bilen, er ein veldig konsentrert i helikopteret, fortel han.

– Eg snakkar med meg sjølv som om at instruktøren framleis sit der. Det er ei ganske rar oppleving å kunne løfte seg ein meter opp frå bakken og stå i ro. Og når ein landar, kjem gliset. Når ein då får tommel opp frå instruktøren, så kjem smilet skikkeleg.

– Ein siger å meistre dette

Helikopterskulen utdannar pilotar til Noreg og utlandet, og det er faktisk ganske mange vestlendingar å finne på skulen.

– Det er nok Airlift som er årsaka til det. Bur ein ved foten av eit fjell, er det ofte ein ser ein del til slike oppdrag, fortel Anette Kruhaug Haldorsen, som er marknadssjef i European Helicopter Center. 

Også ho seier det er noko heilt spesielt å fly eit helikopter åleine for første gong, og at dette er noko elevane verkeleg ser fram til. Under soloflyinga er det take-off, ein runde og så landing – ganske basic. 

– Men det er ein slags siger å meistre dette og eit stort steg i utdanninga, fortel ho.

Skulen er den einaste i Noreg som driv kommersielt. At ein utdannar norske pilotar er ganske spesielt og vert sett på som ein stor styrke. 

Drøymer om å fly luftambulanse

Kanskje vert Gram ein av desse pilotane i framtida. For han har det alltid vore ein draum å kunne fly.

– Dette er noko eg har drøymt om heile livet. Far min har tatt meg med på flyshow så lenge eg  kan hugsa, og etter kvart fekk eg ei veldig interesse for fly. Så fann eg ut at eg måtte byrje å fly sjølv i staden for å sjå på andre, smiler han.

Borgynden vil vere ferdig utdanna pilot til sommaren eller hausten neste år med mindre han skulle få seg sommarjobb og dette vert utsett. Og han er ikkje tvil om kva som er målet på lang sikt.

– Å fly luftambulanse er draumen. Det er som å vinne i Lotto i helikoptermiljøet. Her er det mange pilotar med masse erfaring om det same beinet, så det er kanskje litt urealistisk, men draumen.

Først ventar mange timar med øving. Når Gram er ferdig på skulen, vil han ha 135 timar i banken. Selskap som søkjer etter pilotar i dag, vil gjerne ha pilotar med meir enn 800 timar erfaring. Med andre ord ventar det mange timar med opplæring før han kan leve ut draumen til det fulle. 

Til toppen