STORLAKS: Ole Inge Moen tok denne laksen på 7820 gram ved Floi i Hæreidelva måndag kveld. Dette er berre den andre laksen som teken på dei fire første dagane av årets fiskesesong i Årdal. Foto: Privat.
STORLAKS: Ole Inge Moen tok denne laksen på 7820 gram ved Floi i Hæreidelva måndag kveld. Dette er berre den andre laksen som teken på dei fire første dagane av årets fiskesesong i Årdal. Foto: Privat.

Her har han nettopp landa årets første storfisk

Men starten på årets fiskesesong kan ikkje måla seg med fjoråret.

Årdal: Fangsttala er knapt samanliknbare for Årdals del når ein ser på kor mange fisk som er dratt på land dei siste dagane og korleis starten på fjoråret var.

Berre det første døgnet i fjor var det teke tolv laksar og sjøaure. Fiskebørsen til Årdal Jeger og Fiskerforening (ÅJFF) syner at per 4. juli 2017 er det berre tekne to laks, begge i Hæreidselva. Ein av desse var det Ole Inge Moen som tok måndag kveld.

BRA FANGST: Moen poserer med laksen på 7,8 kilo og 90 centimeter.
BRA FANGST: Moen poserer med laksen på 7,8 kilo og 90 centimeter.

– Det var heilt utruleg deilig. Eg og jentungen reiste ned i elva og etter eit kvarter hadde me eit hogg som sleppte. I det Stig Morten (Moen journ. anm.) skulle til å køyra hogg det til igjen. Eg fekk stoppa han, og så venta ein kamp med fisken i 10–15 minutt. Med hjelp frå superklepparen Stig Morten, gjekk det to sekund, så var fisken på land, smiler Moen.

Dårleg start

Laksen, som var 7,8 kilo og 90 centimeter lang, tok han på sluk ved Floi i Hæreidselva. Saman med 10-kilosen som Stian Blix tok i same elv laurdag, er dette dei to einaste fiskarane i Årdal som førebels har fått fisk. Leiar i fiskeutvalet i ÅJFF, Svein Jarle Moen, fortel om ein dårleg sesongstart.

– Det er kjempestor forskjell og ein mykje dårlegare sesongstart samanlikna med i fjor. Eg trur det er kaldt vatn som gjer det. Det blir spennande å sjå korleis utviklinga blir framover, seier han og erkjenner at det kan ikkje halde fram slik.

– I fjor var det dårleg då me skulle ta stamfisk. Me kan ikkje ha så mange sesongar med så lite fiske. Då må det tiltak til. I fjor haust stod det berre 25 gytefiskar, så eigentleg er det fritt fall i Årdal, seier han og oppmodar fiskarane om å bruke hovudet ved til dømes å sleppe uti att hofisken.

220 laks i Lærdal

I Lærdal har fisket no pågått i vel ein månad. Leiar i Lærdal Elveeigarlag, Lasse Sælthun, håpar det tar seg opp.

DÅRLEG START: Også i Lærdal har det vore ein laber start på årets fiskesesong. Lasse Sælthun håpar det tar seg opp. 
DÅRLEG START: Også i Lærdal har det vore ein laber start på årets fiskesesong. Lasse Sælthun håpar det tar seg opp. 

– Det var veldig bra dei første dagane, og sidan har det dabba veldig. Me ligg vel på rundt ein 220 laks så langt, og det er ganske mykje under fjoråret, men ikkje langt unna der me var for to år sidan. Me er ikkje heilt nøgde, seier han.

Også han siktar til at ei kald elv med seint innsig kan vere forklaringa, men meiner det ikkje er noko å skulda på lenger. 

Glad sesongen er i gang

Når det er sagt, er ivrige fiskarar som Ole Inge Moen no berre glad for at han endeleg kan tilbringe ettermiddagar og ledige stunder ved elvekanten.

– Det er veldig godt at sesongen er i gang. At eg fekk denne i går, gjorde det endå betre sidan eg mista ein gedigen ein på laurdag. I tillegg har eg fått rekruttert jentungen på ti år, som er vorten ivrig. Håpet er at ho skal få ein fisk, seier han og oppfordrar alle til å prøve fiskelykka.

– Dess fleire medlemmar ein har i ÅJFF, dess betre er det. Dei gjer ein kjempejobb, og eg håpar spesielt å sjå særleg meir ungdom i elva.

Til toppen