BREIARE TILBOD: Dagleg leiar på Tisku i Årdal, Hanne Smedegård, satsar på eit breiare tilbod til kundane sine og har starta herreavdeling. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BREIARE TILBOD: Dagleg leiar på Tisku i Årdal, Hanne Smedegård, satsar på eit breiare tilbod til kundane sine og har starta herreavdeling. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her har ho nett opna den nye herreavdelinga

Hanne Smedegård håpar eit breiare tilbod vil trekkja fleire til Årdal.

Årdal: – Eg veit ikkje heilt korleis det kjennest. Det er spennande. Me har drive med herreklede før, men det var på Årdalstangen, så eg veit ikkje heilt kva eg kan forventa.

Det seier Hanne Smedegård som nett har opna dørene og syner fram den nye herreavdelinga på Tiskú i Øvre Årdal. Lanseringa vart feira med kake.

Ho håpar at eit breiare tilbod vil styrke handelen totalt sett i Årdal. 

– Eg gjorde dette først og fremst fordi eg hadde plass til det, og så har det vore lite tilbod med herreklede i bygda, så då håpar eg at med eit tilbod til så kan det hjelpa oss alle saman, forklarar ho.

– Går rett veg etter flyttinga

I desse tider er det to år sidan ho flytta butikken frå Årdalstangen til Øvre Årdal. Sjølv om det var med eit litt tungt hjarte, fortel ho, så har det vist seg å vere eit rett val.

– Det har gått rett veg, ja. Å samla handelen på éin plass er kjempelurt, meiner ho.

Eit breiare tilbod vil også gagne når Årdal no går inn i ein spennande turistsesong. Kommunen satsar på reiseliv, og det ligg an til at talet på turistar vil auke. I tillegg er det eit mål å trekkje til seg fleire hyttefolk.

– Får ein folk til å stoppe i Årdal, så vil ein få ein annan marknad om sommaren. Då vil me ha flest årdøler som kundar om vinteren og nye kundar om sommaren. Det er jo bra. 

Håpar mannfolka kjem

I første omgang er det tre merker Smedegård vel å satse på. Tanken bak er at det skal vera rimeleg, men samstundes god kvalitet.

– Det er jo litt sånn med karane at når dei først kjem, så handlar dei litt, men kanskje ikkje ofte nok. Eg håpar det vert betre her.

Og for dei som måtte lure: Garnavdelinga er der framleis, men litt lengre bak i butikken.

Til toppen