Sogndal: Sogndal kommune har for første gong fått eit innvandrarråd, og måndag møttest medlemmane til tidenes første møte.
– Eg er takksam for at Sogndal kommune tenkjer på oss som ein viktig del av lokalsamfunnet. Det vert spanande å byggja bruer mellom innvandrarane og resten av innbyggjarane i kommunen. Eg gler meg veldig til dette arbeidet, seier nestleiar Nshimirimana i ei pressemelding.
I tillegg til leiar og nestleiar, er Berhanu Erana, Ryan McEvoy, Saleh Ali-Saleh, Simone Stibbe og Yonas Ghilamicael Ghebre faste medlemmar. I det første møtet var Tewelde Tesfay kalla inn som vara.
Historisk
Varaordførar Vibeke Johnsen (SV) kalla det ein historisk dag, og ønskte medlemmane lukke til i arbeidet.
– Èi av oppgåvene til innvandrarrådet blir å sjå på korleis me kan laga møteplassar slik at me sikrar innspel frå heile innvandrarmiljøet i kommunen, seier varaordførar Vibeke Johnsen.