VIL HA SVAR: I dag har politiet starta granskinga av dei to nedbrente husa for å prøve i å finne årsaka til at brannen starta. Frå venstre: Kjetil Erik Bjørvik frå krimteknisk i Bergen, brannutredar Atle Erling Røning frå E-trygg i Florø og politibetjent Stein Helge Selland.

Her har politiet starta granskinga av branntomta

Regionlensmannen held alle teoriar opne.

Sogndal: Politiet har allereie starta å kartlegge utviklinga av brannen som kravde to bustadhus i Sogndal natt til søndag. Målet er å finne ut kvar brannen starta og kva som var årsaka. Så langt har politiet avhøyrt mellom åtte og ti personar og henta inn vitneobservasjonar.

UTFORDRANDE JOBB: Regionlensmann Arne Johannessen seier politiet har ein tøff jobb framfor seg med å finne brannårsaka.
UTFORDRANDE JOBB: Regionlensmann Arne Johannessen seier politiet har ein tøff jobb framfor seg med å finne brannårsaka.

– Planen er å starta åstadsarbeidet på branntomta med kriminalteknikar på tysdag, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Han opplyser at dei òg vil knyte til seg ekspertar utanfor politiet. Jobben med å finne brannårsaka vil bli krevjande.

– Det er det alltid. Ofte klarer ein det, av og til ikkje. Når det er så utbrent så er det vanskeleg, seier Johannessen.

Les også: To hus brann til grunnen i Sogndal
Les også: Politiet ber publikum om bilete

Politiet har enno ikkje mistanke i nokon retning og jobbar difor breitt.

– Me har fleire hypotesar og det er viktig å halda alt ope. Det er likevel ingenting hittil som peikar i retning av noko kriminelt, seier Johannessen.

Måndag gjekk politiet ut og ba publikum om å sende inn bilete frå brannen. Den oppmodinga står framleis ved lag.  

– Vi har absolutt fått respons og det er kjempebra, men vi tek gjerne imot meir. Me vil òg gjerne kome i kontakt med folk i området som me ikkje har snakka med og som kan ha noko å fortelja til oss, seier regionlensmannen.

Til toppen