Sogndal: Det syner tal som NAV Sogn og Fjordane oppgir i ei pressemelding fredag. I Sogndal er det ti færre arbeidsledige i august. Det er ein nedgang på 18 prosent samanlikna med august i fjor.
I Indre Sogn er det berre tre kommunar som har nedgang. Utan om Sogndal har talet på arbeidsledige gått ned i både Lærdal (-3) og Luster (-4).
I Leikanger (6), Aurland (5) og Årdal (6) aukar talet på arbeidsledige. Sjølv om det er snakk om forholdsvis få personar, er til dømes auken i Aurland på 125 prosent. Berre Hyllestad har ein større auke med 236 prosent.
– Ingen dramatikk
Ser ein fylket under eitt, er auken på 19 personar.
– Det er ingen dramatikk i dette. Fylket har framleis svært låg arbeidsløyse, og me ser ikkje nokon grunn til at arbeidsløysa skal auke i tida framover, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.
Ved utgangen av august var det 954 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 19 fleire enn for eitt år sidan og svarar til ein auke på 2 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,6 prosent, har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet saman med Oppland.
Arbeidsløysa går ned blant unge
Samanlikna med august i fjor, er auken i arbeidsløysa størst innan industri med ein auke på 46 ledige. Vi finn størst reduksjon innan barne og ungdomsarbeid med 12 personar.
I august var det 83 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 11 fleire enn same månad i fjor. 23 av desse kjem frå bygg og anlegg og 39 frå industri (av dette 22 frå fiskeindustrien).
– Det er ein klar tendens til at arbeidsløysa går ned blant yngre og aukar blant eldre arbeidstakarar. Dette har truleg samanheng med alderssamansetninga i dei bedriftene og næringane som blir råka av høgare arbeidsløyse. I tillegg satsar NAV mykje på å få yngre arbeidslause i aktivitet gjennom ulik virkemiddelbruk, fortel Thorsnes.
Kommune | Tal ledige | Endring |
Leikanger | 15 | 6 |
Sogndal | 46 | -10 |
Aurland | 9 | 5 |
Lærdal | 9 | -3 |
Årdal | 34 | 6 |
Luster | 30 | -4 |