Årdal/Lærdal: Måndag presenterte NAV tala på arbeidsledige i Noreg, og får Årdals del er det svært lystig lesing. Her er nemleg talet på arbeidsledige halvert sidan juli i fjor.
– Det synest eg er bra. Det eg les ut frå desse tala er at det er mogleg å få seg arbeid i Årdal og at i Årdal er stort sett dei fleste i arbeid, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.
Rekruttering i industrien

I juli i fjor var det 69 ledige i kommunen med drøye 5.500 innbyggarar. I år er det talet altsp halvert med 49 prosent til 35 heilt ledige, som det heiter. Dette utgjer så lite som 1,3 prosent av arbeidsstokken.
– Eg har ikkje fakta rundt det, men det er slik at me har ein oppsving att i industribedriftene våre, og det tilseier at dei rekruttera i staden for å nedbemanna. Det er vel no lettare å få seg jobb, og ein er kjend med at Hydro er kome på det nivået dei må vera for å koma i gang med rekrutteringa, legg han til.
I Lærdal derimot går tala motsett veg. Sjølv om talet på arbeidsplassar har auka veldig i kommunen, slik Porten.no skreiv førre veka, går talet på arbeidsledige opp med 167 prosent.
24 ledige i Lærdal

Det talet høyrest veldig dramatisk ut, men i praksis utgjer dette 15 personar til totalt 24 heilt ledige. Dette utgjer 2,1 prosent av arbeidsstokken.
– Dette er nokre variasjonar me ser, men at det skjer samstundes med at me har skapt mange nye arbeidsplassar er litt pussig, seier ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim.
Les også: Sysselsettinga i Lærdal har auka kraftig
– Eg veit ikkje kva som ligg bak tala. Kanskje ei forklaring kan vera at me har byrja å ta inn flyktingar som ikkje har fått seg jobb. I tillegg la me ned eit kommunalt tiltak innanfor pleie og omsorg. Det er dei to forklaringane eg kan sjå. Prosenttalet ser ille ut, men heldigvis er det ikkje dramatisk.
Solheim legg til at dei heile tida jobbar for å betra situasjonen og seier han gleder seg over at tala er så positive for kollegaen i Årdal.
Satsar på reiselivet
Lægreid fortel at kommunen kvar dag gjennom næringsapparatet i Årdal Utvikling jobbar for å behalde og skape nye arbeidsplassar.
– Dette kan vera eit teikn på at det verkar det også. Me må framleis stå på og jobba med dei bedriftene me har og prøva å skapa nye i tillegg, seier han og drar fram satsinga på reiselivet.
– Det mest spennande er det som skjer innanfor reiselivet der me har sterkare fokus enn nokon gong. Det som skjer er at aktørane jobbar ilag for å skapa eit totalprodukt som gjer at me kan skapa fleire arbeidsplassar innan reiseliv.