HEIAGJENG: Ingenting å seia på innlevinga då familien i Årdal heia inn slektningen Andreas Kramer til EM-sølv. Video: Synne Asheim Haga.
Video

Sjå video: Går bananas når slektningen sikrar EM-sølvet

Stemninga i stova til familien Hollevik Brandsdal i Årdal var på kokepunktet då Andreas Kramer (21) sprang inn til EM-sølv laurdag. Sjå video!

Årdøl: Med både eit norsk og eit svensk flagg på bordet hadde dei benka seg for å heia fram slektningen gjennom TV-skjermen. Det holdt til EM-sølv, og ny svensk rekord på 800 meter.

– Det var heilt fantastisk, seier Marie-Helene Hollevik Brandsdal, tante til sølvvinnaren, etter løpet.

FAR OG MOR: Her er Andreas Kramer saman med mor Anne-Lise Kramer, tidlegare Hollevik, utanfor Olympiastadion på fredag, dagen før sølvvløpet. Foto: Privat

Familien har følgt slektningen tett gjennom heile meisterskapen, der den unge svensken cruisa til finalen på imponerande vis. Mot dei aller beste i Europa slo han til med nok eit toppløp.

– Eg snakka med han på telefonen i går, etter semifinalen. Då sa han at han var i knallform, og hadde stor tru på seg sjølv, seier Bjarne Hollevik, bestefar til det ferske stjerneskotet.

Han var uroleg ei stund då barnebarnet hadde eit stygt feilskjer tidleg i løpet. Heldigvis greidde svensken å halda seg på beina. Derifrå og ut steig lydnivået i stua i takt med at yndlingen deira avanserte i feltet.

På oppløpet kunne ingen trua sølvet, og Andreas Kramer sprang i mål til full jubel frå hese årdøler 1032 kilometer unna.

– Men me skulle helst ha vore der nede, seier Marie-Helene Hollevik Brandsdal.

Til toppen