Sogndal: Den skadeplaga venstrebacken har vore ute av spel sidan han fekk ein strekk i kneet i åttande serierunde.
Søndag følgte Grodås lagkameratane saman med heimesupportarane i «1926», som supportergruppa heiter.
– Eg møtte gutane i går og lovde at eg skulle stikke innom ein tur. Då vart det slik, seier Grodås, som verka å kunne dei fleste heiaropa.
– Du får sjå kampen på ein litt annan måte, det blir litt meir synging og klapping, seier han om opplevinga av å stå saman med kjerna av heimefansen.
- Les også: Sogndal avviser feiltrening etter nok ein skade
- Les også: Bakke: – Har tilbydd Hovland kontrakt
Verken han eller resten av heimepublikummet greidde å inspirere dei kvitkledde til festfotball. Men defensivt var det botnsolid mot eit sterkt skienslag.
– Dei gjer ein kjempejobb, men det vart litt daudt utan skåringar, vedgår venstrebacken.
Grodås seier han har fått trent betre og betre i det siste og at framgangen er god.
– Eg satsar på å vere hundre prosent om to veker, seier Grodås.