STOLT DAG: Med media på slep blir kronprinsparet helsa velkomen til ei omvisning hos Norske redningshundar sin base i Akershus. Årdølen Knut Skår (i blå jakke i midten) står i første rekkje i velkomstkomitèen. Alle foto: Kurt Jarnes/Norske Redningshunder

Her helsar han på kronprinsparet

Onsdag fekk årdølen Knut Skår, styreleiar for Norske redningshundar, æra over å ønskje kronprinsparet velkomen på besøk.

Ski/Årdal: Dei to var inviterte som heidersgjestar til fjorårets 60-årsjubileum, men hadde ikkje høve til å komme. Desto gledelegare var det då at dei kongelege tok kontakt på eige initiativ for eit par veker sidan.

– Så for eit par veker tok dei kontakt att på eige initiativ. Slik sett inviterte dei seg sjølve, det er ei stor ære. Det er ikkje mange som får slike førespurnadar frå slottet, seier Skår.

GENUIN INTERESSE: Her stå Knut Skår i bakgrunnen, medan stryningen Sjur Haugen forklarer eit interessert kronprinspar korleis Norske redningshundar jobbar.
GENUIN INTERESSE: Her stå Knut Skår i bakgrunnen, medan stryningen Sjur Haugen forklarer eit interessert kronprinspar korleis Norske redningshundar jobbar.

Internasjonal presse på plass

Han seier kronprinsparet viste store interesse for den frivillige innsatsen Norske redningshundar legg ned. Først fekk dei ein times presentasjon i administrasjonsbygget i Ski, før dei vart med ut i skogen for å sjå korleis bergingsgruppa jobbar. 

– Det at dei kjem viser at at dei annerkjenner og set pris på arbeidet vi gjer for landet. I tillegg håper vi det bidreg til litt publisitet, seier Skår, som legg til at eit kobbel av både nasjonal og internasjonalt presse var med på slep.

DEMO: Ute i terrenget fekk kronprinsparet ein demonstrasjon av korleis redningshundane øver på oppdrag.
DEMO: Ute i terrenget fekk kronprinsparet ein demonstrasjon av korleis redningshundane øver på oppdrag.

– På trass av at vi hadde forferdeleg dårleg vêr, seier Skår.

– Betyr mykje

Sjølv om Norske redningshundar den nest største på søk og redning i Norge, berre slått av Røde Kors, er det framleis ein liten organisasjon.

Difor betyr det mykje at kronprinsparet i ein travel kvardag set av fleire timar for å lære meir om aktiviteten dei driv.

– Vi har lite ressursar, så det å få litt blest kan hjelpe oss når vi skal ut og leite etter midlar til å drive med like høg aktivitet som vi gjer i dag, seier Skår.

Til toppen