HENG FAST: Dei to bukkane hadde kilt seg fast i kvarandre då dei kjempa. Resultatet vart at begge måtte avlivast.
Video
HENG FAST: Dei to bukkane hadde kilt seg fast i kvarandre då dei kjempa. Resultatet vart at begge måtte avlivast. (Bilde: Rein Arne Golf)
Video

Her heng reinsbukkane fast ved horna – måtte avlive begge to

Sjå video av dei to reinsbukkane som hang fast ved horna i Øygardsbotn.

Lærdal: Det var eit lag hjortejegerar som oppdaga dei to bukkane som hadde kilt seg fast ved horna laurdag.

Jegerane ringte Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn som fekk med seg vilforfaltar Knut Fredrik Øi opp til Øygardsbotnen ovanfor Husum.

– Det er vanleg at reinsbukkar kan gjera dette. Det er brunst og då held dei på å stanga og kjivast, seier Golf.

Av og til kiler horna seg fast, og då kjem dei seg ikkje fri. 

– Kjem dei ikkje seg fri, er det ein sikker død. Då vil dei slita seg ut fordi får ikkje eta skikkeleg og tatt opp næring, og då stryk dei med. 

Golf seier dei forsøkte å få reinsbukkane frå kvarandre, men seier det ikkje er lett å nærma seg bukkane når begge er livlege.

– Me hadde ikkje sjanse med å få dei laus. Me strevde lenge, og etter kvart måtte me avliva dei.

Han forklarar at dei valte å avliva begge fordi dei då kunne ta prøvar med tanke på skrantesjuka.

– Me kunne jo ha skote berre den eine, men det vil vera ein risiko å nærma seg berre det ein dyret som heng fast òg. Me tenkte at me ønskte oss fleire prøvar, og då bestemte me oss for å avliva begge. 

Sjå video av dei to bukkane som heng saman ved horna her. 

Til toppen