Her hindrar debutanten scoring med handa

Her hindrar debutanten scoring med handa

Sjå episoden som fekk Sogndal-debutant Ulrik Fredriksen utvist.

Haugesund: Med skadar i fleng, også i forsvaret, gav Eirik Bakke unge Ulrik Fredriksen sin debut i forsvaret mot Haugesund søndag. 

17-åringen klarte seg bra i sin første kamp i Sogndal-trøya, men tok ein får laget, som Bakke sa etter kampen, då han hindra ei Haugesund-scoring på streken med handa. 

Sjå høgdepunkta frå kampen i videovindauget øvst i artikkelen.

Fredriksen fekk raudt kort, men då Mathias Dyngeland redda straffen, klarte Sogndal å få med seg eitt poeng tilbake til Sogndal likevel. 

– Eg må skryte av 17-åringen som spelar midtstoppar og er ein av dei beste på bana før han tar ein for laget og får raudt kort. 

– Det føles nesten som ein siger, vi skal vere godt fornøgd med å ta med oss eitt poeng heim, sa Bakke til Eurosport etter kampen.

Til toppen