INTERN KONKURRANSE: Symjegruppa til Jotun inviterte i går årdalssymjarane til intern konkurranse. 
INTERN KONKURRANSE: Symjegruppa til Jotun inviterte i går årdalssymjarane til intern konkurranse. 

Her jaktar store og små tidelar i bassenget

Rundt tretti symjarar deltok i går på klubbstemne i Årdalshallen. 

Øvre Årdal:Dei siste åra har symjemiljøet i Årdal meir enn tredobla talet medlemmar. For dei fleste er likevel symjinga ikkje det dei først og fremst satsar på.

AKTIV KLUBB: Symjeleiar Ingeborg Hjelle trur årsaka til at dei har klart å skape eit aktivt symjemiljø, er at dei er fleksible for at ungane får delta òg i andre idrettar.
AKTIV KLUBB: Symjeleiar Ingeborg Hjelle trur årsaka til at dei har klart å skape eit aktivt symjemiljø, er at dei er fleksible for at ungane får delta òg i andre idrettar.

At dèt blir teke høgde for meiner symjeleiaren er ein viktig årsak til at dei har klart å skape ein så aktiv klubb.

–  Me prøver å sno oss mellom dei andre idrettane. Me har akseptert at dei har andre idrettar dei skal vera med på og dei kjem når dei har tid. Pluss at det sjølvsagt er veldig kjekt å symje, seier Ingeborg Hjelle.

Les også: Tripla medlemstalet på eit år i symjegruppa

HEIAGJENG: Symjestemnet samla mange skodelystne som følgte sine favorittar frå tribuneplass.
HEIAGJENG: Symjestemnet samla mange skodelystne som følgte sine favorittar frå tribuneplass.

Det viktigaste er å vinne

FERSK: For Anders Lereng var det første gong han deltok i på eit slikt stemne. Han meiner symjing er ein perfekt måte å få trent heile kroppen. 
FERSK: For Anders Lereng var det første gong han deltok i på eit slikt stemne. Han meiner symjing er ein perfekt måte å få trent heile kroppen. 

Ein av dei som driv med symjing på si er fotballspelar og turnar Anders Lereng. Utan at det legg nokon dempar på ambisjonane.

– Eg håpar eg vinn alt. Eg har igjen 25 meter fri og 100 meter fri. Så eg får vinna det òg, seier han etter å ha klokka inn til bestetid i den første øvinga for dagen.

– Det var ikkje meir enn greitt, men eg vann jo. Det er viktig, seier han om den prestasjonen.

Les også: Svømte 100 000 meter lengre enn i fjor

Klart svar

Malin Bråthen Sveen frå Øvre Årdal driv òg med fleire idrettar, men likar best turn. Når vi snakka med ho hadde ho nettopp unnagjort distansen 50 meter bryst.

– Det gjekk sånn passe. Eg kunne gjort det betre, seier ho.

– Kva kunne du gjort betre, då?

– Eg kunne ha symja fortare, seier ho med eit smil.

BLID GJENG: Desse jentene kosa seg i bassenget måndag. Bak frå venstre: Malin Bråthen Sveen, Tessa Vatne Skjerven, Sanna Sæbø, Marie Bjørnetun og Tomine Jevnaker. Liggande framme: Sunniva Lomheim.
BLID GJENG: Desse jentene kosa seg i bassenget måndag. Bak frå venstre: Malin Bråthen Sveen, Tessa Vatne Skjerven, Sanna Sæbø, Marie Bjørnetun og Tomine Jevnaker. Liggande framme: Sunniva Lomheim.
Til toppen