FEKK KOME MED INNSPEL: Drøye to månader før samanslåinga fekk dei tilsette kome med sine innspel på korleis dei ønskjer at den nye Høgskulen skal formast.
FEKK KOME MED INNSPEL: Drøye to månader før samanslåinga fekk dei tilsette kome med sine innspel på korleis dei ønskjer at den nye Høgskulen skal formast.

Her jobbar dei fram den nye Høgskulen

Før Høgskulen på Vestlandet går i støypeskeia skal dei tilsette få høve til å forme resultatet.

Sogndal: Høgskulen på Vestlandet er berre nokre små månader frå å bli ein realitet. Prosjektgruppene som har fått i oppgåve å forme den nye institusjonen er nettopp ferdige med første leveranse.

GIR SKRYT: Rektor Rasmus Stokke meiner prosjektgruppene har gjort ein god jobb. På innspelsdagen var han først og fremst for å lytte.
GIR SKRYT: Rektor Rasmus Stokke meiner prosjektgruppene har gjort ein god jobb. På innspelsdagen var han først og fremst for å lytte.

I går var det sett av ein dag der administrasjonen og fagfolk frå Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk kome med innspel på det prosjektgruppene førebels har kome fram til.

På plass var også rektor Rasmus Stokke. 

– Det er stort sett positive reaksjonar på det som har kome. Det er stor entusiasme for å få vere med å bygge noko nytt, samstundes som fagfolka er opptekne av kva plass deira utdanningar og fag får i den nye i organisasjonen. Det er alle veldig spente på, seier Stokke.

Les også: Fusjonen er eit faktum
Les også: Høg temperatur i fusjonsdiskusjona

– Vil bli bygd opp gradvis over fleire år

Han trur ikkje akkurat at første januar, dagen for samanslåinga, er då vi vil merke størst endringar. Likevel er det mange detaljar som skal på plass dei neste månadane. Det går på alt frå IT-system til det administrative, slik at dei daglege hjula trillar frå første dag. Men den verkelege jobben har berre så vidt starta.

– Den nye organisasjonen vil bli bygd opp gradvis over fleire år. Så no er det byggverket som skal reise seg og alle skal få innverknad på den byggjeprosessen, seier han.

Les også: Møtte HiSF-styret med protestplakatar

Han har berre hatt rektorjobben i litt over eitt år. Ved årsskiftet er det slutt, utan at han veit kva rolle han sjølv kjem til å få etter samanslåinga.

– Dei gamle institusjonane blir vekke og mi rolle blir vekke. Eg har nok ein jobb etter første januar, men det blir ikkje bestemt enno kva den jobben vil innebere, seier han.

Frå kritisk til offensiv

Ingrid Moe Albrigtsen, mangeårig leiar av studentparlamentet, no òg i interrimstyret til den nye vestlandshøgskulen, var òg på plass.

SNUVENDING: Ingrid Moe Albrigtsen representerer studentane i det mellombelse styret til Høgskulen på Vestlandet. Frå å vere kritisk til fusjon, ønskjer ho no å vere mest mogleg ambisiøs med tanke på kva dei kan oppnå.
SNUVENDING: Ingrid Moe Albrigtsen representerer studentane i det mellombelse styret til Høgskulen på Vestlandet. Frå å vere kritisk til fusjon, ønskjer ho no å vere mest mogleg ambisiøs med tanke på kva dei kan oppnå.

– Eg er her mest med to øyre og ein munn. Eg er interessert i å høyre kva dei andre har å seie, seier ho.

Ho òg tykkjer prosjektgruppene hadde mykje spanande å kome med. For øvrig handlar det for ho mykje om korleis dei tre høgskulane skal greie å byggje ein felles identitet.  

– No må vi finne ut kven vi er, kvar vi vil og kven vi vil vere, både på Vestlandet og i verda. Identitetsbygginga trur eg blir veldig viktig, seier ho.

Før fusjonen gjekk i boks var ho ein av dei kritiske røystene som meinte høgskulen greidde seg best åleine. Sidan har ho vore innstilt på omfavne den nye røynda, i staden for å stritte i mot.

–Eg tykkjer dette er kjempespanande. Sidan vedtaket kom, så har eg ønskja at vi skal tørre å vere veldig ambisiøse. Skal vi skape ein ny institusjon må alle vere villige til endring, seier ho.

Til toppen