FØRSTE FOR ÅSANE: Jonas Hestetun fekk tillit frå start og svarte med å score sitt første for Åsane og i 1. divisjon då Sandnes Ulf vart sendt heim med 4-0 i sekken. Foto: Skjermdump.
FØRSTE FOR ÅSANE: Jonas Hestetun fekk tillit frå start og svarte med å score sitt første for Åsane og i 1. divisjon då Sandnes Ulf vart sendt heim med 4-0 i sekken. Foto: Skjermdump.

Her jublar årdølen for si første scoring for Åsane

Jonas Hestetun fann nettmaskene for første gong i 1. divisjon.

Åsane: Årdølen starta og spelte nesten heile kampen då hans Åsane slo Sandnes Ulf heile 4-0 søndag kveld. 

Åsane leia allereie 3-0 då Hestetun var på rett plass til rett tid føre mål og meir eller mindre spaserte inn det som vart den siste spikeren i kista til Sandnes Ulf.

Sjå scoringa i videovindauget øvst i artikkelen.

Scoringa kom i det 83. speleminuttet, og årdølen vart umiddelbart bytta ut. Dette var Hestetun si første scoring både for Åsane og på dette nivået. 

Etter å ha debuterte i serieopninga mot Tromsdalen har 23-åringen sete på benken dei to siste oppgjere, men søndag var han tilbake i startoppstillinga og svarte med ei scoring.

Til toppen