OPPRYKK: Her jublar Sogndal sine handballherrer for opprykk til 3. divisjon. Foto: Jan-Erik Weinbach. 
OPPRYKK: Her jublar Sogndal sine handballherrer for opprykk til 3. divisjon. Foto: Jan-Erik Weinbach. 

Her jublar dei for opprykk

Handballherrene til Sogndal knuste Bergen Vest 2 laurdag og kan juble for opprykk til 3. divisjon.

Sogndal: Trass ei litt spesiell oppladning til kamp, klarte Sogndal sine handballherrer å halde hovudet kaldt i opprykkskampen mot Bergen Vest 2. No kan dei feire opprykk til 3. divisjon.

– Det er så deilig! Eg er veldig letta no. Dette er noko me har jobba mot i tre år, så det er deilig å ha klart det, seier Sogndal-trenar Øyvind Vraalsen etter dagens storsiger på heimebane.

– Det blir vel ein god fest i kveld, smiler han.

– Må gi dei unge noko å strekke seg etter

Med siger snik dei seg akkurat forbi BI på tabellen og kan juble for opprykk etter å ha tatt 23 poeng i årets sesong. 

– Etter ein litt tam start på sesongen fekk me oss nokre oppturar fram mot jul. Etter nyttår gjekk på ein skikkeleg kjempesmell, men sidan då har me vore der me har ønskt å vere, klint til i duellar og spelt den handballen me ønskjer å spele, seier trenaren.

Med det er Sogndal også på veg mot der dei ønskjer å vere i divisjonssystemet. Neste sesong blir det 3. divisjonshandball.

– Me ønskjer å vere ein klubb for alle. Samstundes ønskjer me oss eit lag i oppi divisjonen slik at dei unge har noko å strekke seg etter. Det gjeld både på dame- og herresida. 4. divisjonshandball er ganske tafatt. 

Spesiell oppladning

Sogndal-trenaren er glad for at det vart kamp. Det blei nemleg ei litt spesiell oppladning til kampen.

Først kom beskjeden fredag ettermiddag om at dei trakk seg. Så sa Bergen Vest 2 at dei vurderte å stille lag. Ved midnatt kom meldinga om at dei kom til Sogndal likevel.

Dermed vart det ein opprykkskamp for Sogndal sine handballherrer likevel. Det er dei nok glade for no sidan dei kunne feire sigeren med publikum. 

Til toppen