Sogndal:– Vi har kjempefine fasilitetar her ute og meiner det er i rimeleg køyreavstand til sentrum. Det tek ikkje meir enn ti minutt å køyre på god og trygg veg. I Oslo, viss du kan køyre ti minutt for å levere ungane dine, så er det luksus, seier pedagogisk leiar Roar Erlandsen.

I Sogndal har det vore lange ventelister for å få barnehageplass og den nye sentrumsbarnehagen vil tidlegast stå klar om to år. Erlandsen seier dei har fått i overkant av tjue ungar frå Sogndal, men tek gjerne mot fleire.
– Vi har masse ungar her og har òg lyst til å få fleire ungar ut hit frå Sogndal for å vise kor fint vi har det. Vi har fjorden, vi har skog og naturområder veldig nært. Det har ikkje sentrumsbarnehagane.
Bygdefolket har òg grunn til å gle seg. Utbygginga i samråd med blant anna skyttarlaget, som no får nye og større lokale å boltre seg på. Gymsalen på huset kan nemleg òg brukast som skytebane.
– Det at det skjer utbygging her er positivt for heile nærmiljøet, seier Erlandsen.
Med den nye barnehageavdelinga har Norane oppvekstsenter, som i tillegg rommar skule frå 1. til 7. klasse og SFO, no oppimot hundre barn samla under same tak. Det har vore ein kamp for å alt klart i tide, men det har dei greidd.
– Det manglar litt småtteri inne, men no er vi klare til å ta imot ungane. Alt ser veldig bra ut, bygget er fint, stor god plass, lyse fine lokaler, så vi gler oss veldig til verkeleg å ta det i bruk no.
