TOMT: Jan Geir Solheim, Kåre Mentz Lysne og resten av formannskapet i Lærdal peikar på Losjehustomta som eitt av fleire aktuelle alternativ til å huse flyktningar. Foto: Steinar Kvigne.
TOMT: Jan Geir Solheim, Kåre Mentz Lysne og resten av formannskapet i Lærdal peikar på Losjehustomta som eitt av fleire aktuelle alternativ til å huse flyktningar. Foto: Steinar Kvigne.

Her kan det bli bustader for flyktningar

Jan Geir Solheim, Kåre Mentz Lysne og resten av formannskapet i Lærdal peikar på Losjehustomta som eitt av fleire aktuelle alternativ.

Lærdal: Lærdal kommune er oppmoda av integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) om å kome med nye tal på busetjing av flyktningar.  Formannskapet fekk saka på bordet torsdag, der rådmannen tilrår å busetje 15 personar inneverande år, og 18 i 2017.

Eit samrøystes formannskap vedtok  derimot  å auke talet, og følgjer oppmodinga frå IMDI, med 20 flyktningar inneverande år, derav  minst fem einslege mindreårige. Vidare 23 flyktningar i 2017, der minst åtte av desse skal vere einslege mindreårige. 

– Eg meiner det er særs viktig at arbeidet med einslege mindreårige vert prioritert, sa Annike Vanberg (SV). Ho fekk full støtte hjå resten av formannskapet.

Jan Geir Solheim (Sp) var klar på at han ville auke tala i høve tilrådinga frå rådmannen. 

Til no har  me ikkje  nådd måla når det gjeld busetjing  av flyktningar i Lærdal. Me må ha meir trøkk i dette arbeidet, definere eit klart ambisjonsnivå.  Sentralt i arbeidet for å nå måla er bustader, vaksenopplæring og rekruttering, sa ordføraren. 

KREVJANDE: Rådmann Alf Olsen jr. understreka kor viktig det er å integrere på ein skikkeleg måte.
KREVJANDE: Rådmann Alf Olsen jr. understreka kor viktig det er å integrere på ein skikkeleg måte.

Krevjande

Rådmann Alf Olsen jr. meinte det var viktig å sjå kva faglege vurderingar som låg til grunn når det gjeld kor mange flyktningar kommunen skal ta i mot. Og var klar på at yngre brukarar krev meir ressursar.

– Det er utruleg  viktig at me har nok ressursar. At me greier å integrere dei som kjem hit på ein skikkeleg måte er heilt avgjerande både for flyktningane og for kommunen, sa rådmannen.

– Eg forstår rådmannen sine argument, men meiner me må gje klare signal om at me har ambisjonar i dette arbeidet, sa Kåre Mentz Lysne.

 Ordføraren meiner Lærdal ikkje er mindre eigna enn andre kommunar og la til;

– Det er utfordrande, ja, men dei folka dette gjeld er faktisk i landet no. 

Har areal

Å skaffe eigna bustader for flyktningar er naturleg nok ein særs viktig faktor i integreringsarbeidet. Å leige bustader viser seg i mange tilfelle vanskeleg. Formannskapet er samde i at kommunen sjølv må gå i bresjen for  utbygging, og ser på fleire alternative tomtar. I tillegg til Losjehustomta er mellom anna Bergo, Fortun, og Saltkjelen aktuelle område.

Artikkelen held fram under biletet.

VIKTIG: – Eg meiner det er særs viktig at arbeidet med einslege mindreårige vert prioritert, sa Annike Vanberg (SV). 
VIKTIG: – Eg meiner det er særs viktig at arbeidet med einslege mindreårige vert prioritert, sa Annike Vanberg (SV). 

– Kommunen må konkret vurdere å byggje bustader. Og risikoen er svært liten, uavhengig av flyktningar vil det som regel alltid vere bruk for denne type bueiningar me her snakkar om, sa Lysne.

Gunn Beate Sjøtun (Sp) var samd og ville har fortgang i bygginga. 

– Dette treng ikkje ta lang tid, arealet me snakkar om er regulert til føremålet, terrenget er flatt og bustader treng me uansett, la ho til. 

Til toppen