PRIORITERT: Gang og sykkelsti mellom Ofta aust og Sviggum ligg inne på prioritert liste hjå fylkeskommunen sitt framlegg til regional transportplan
PRIORITERT: Gang og sykkelsti mellom Ofta aust og Sviggum ligg inne på prioritert liste hjå fylkeskommunen sitt framlegg til regional transportplan (Bilde: Google)

Her kan det bli gang- og sykkelsti

Det har vore eit sterkt ønskje lokalt i ei årrekkje, og no ligg gang- og sykkelstien pluss ny bru ved Øye inne på prioritert liste til regional transportplan.

Lærdal: – Lærdal kommune har dei siste 20 åra arbeida for å få inn ulike prosjekt på prioriteringslistene, og det viktigaste for oss, har vore å få gjennomførd gang- og sykkelveg på strekninga Ofta – Skulevegen, seier arealplanleggjar Monika Lysne.

Strekningen ligg på fylkesveg 271. I framlegget til regional transportplan, som i desse dagar er ute på høyring, ligg gang- og sykkelsti på strekninga inne på prioritert liste, kostnadsrekna til 60 - 90 millionar kroner. Det same gjer ny bru ved Øye, kostnadsrekna til 30 millionar kroner.

Lysne fortel det vil betra tilhøva betrakteleg for dei mange mjuke trafikantane om prosjektet no blir realisert.

– Her bur det mykje born, og strekninga vert i dag rekna som så trafikkfarleg, at dei yngste borna får busstransport, sjølv om dei eigentleg ikkje har rett på dette. I tillegg er sjukehusbrua rekna som ein flaskehals i trafikkflyten, og ettersom dette er også beredskapsveg i forhold til sjukehuset, er det viktig for oss at det vert gjort tiltak her.

– Kommunen vil jobba hardt for at prosjektet blir realisert

Ein annan ting ho trekkjer fram er større tryggleik i høve flaum.

– Brua er heller ikkje dimensjonert for særleg store flaumar i Lærdalselva, og me kan risikerea at vegen til sjukehuset vårt vert stengd ved litt større flaumar. Dette har skjedd tidlegare, og er ingen god situasjon verken for dei som bur på denne sida av elva, eller for beredskapssituasjonen til sjukehuset.

I april 2008 vedtok kommunestyret i Lærdal ein reguleringsplan for gang- og sykkelveg på strekninga, i tillegg til andre trafikkregulerande tiltak. Planen vart utarbeidd i samarbeid med Statens Vegvesen.

– Me hadde då god tru på at prosjektet kom til å bli gjennomførd innan kort tid. Men diverre, så har det vore veldig vanskeleg å komme inn på prioriterte lister for investeringar på fylkesvegnettet, og kommunen har ikkje hatt moglegheit til å stå for ein så stor kostnad aleine. Det er difor svært gledeleg for oss at Ofta – Skulevegen no er komen inn i framlegget til prioritert liste, seier Lysne.

Regional transportplan 2018 - 2027 blir endeleg vedteke i fylkestinget i desember, då kjem avgjerdsla kor vidt det blir gang- og sykkelsti og ny bru på strekninga Ofta aust – Sviggum.

Såleis er ingenting bestemt enno. Frå Læørdal kommune si side skal høyringssaka opp i førstkomande kommunestyre, 21. september.

– Kommunen kjem til å arbeide hardt for at Ofta – Skulevegen – prosjektet ikkje fell ut av lista att, når me endeleg er komne med.

Til toppen