Lærdal: Spesielt utsett er fjellovergangane. Førebels er samtlege av fjella opne, men det er svært glatt enkelte stader.
Både på Hemsedalsfjellet på fylkesveg 53 Tyin-Årdal vert store køyretøy oppmoda om å bruke kjetting.
På Hemsedalsfjellet er det no såpass dårlege forhold at det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.
Elles er både Filefjell og Hol-Aurland opne for normal trafikk.
Det er meldt ein del nedbør dei komande dagane, og det er mellom anna sendt ut obs-varsel for Sogn og Fjordane. Torsdag er det nemleg venta svært høg vasstand opp til 60-75 centimeter over tidevatntabellen.