RÒTESKADAR: Paviljongen i Øvre Årdal har store ròte- og vasskadar og kan bli erstatta med ein klatrepark. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RÒTESKADAR: Paviljongen i Øvre Årdal har store ròte- og vasskadar og kan bli erstatta med ein klatrepark. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her kan det koma klatrepark

Store ròteskadar på paviljongen gjer at ein no vurderer å riva han.

Musikkpaviljongen er i desse dagar omringa av sperringar som hindrar folk i å bruka han. Årsaka er at det i vår vart funne store ròte - og vasskadar, som gjer at han ikkje kan reparerast.

Skal det vera ein paviljong, må denne rivast og så må det byggast opp ein ny. Dette er lite sannsynleg. I staden vil kommunen erstatta bygget med ein klatrepark midt mellom skulen, badebassenget og Jotun krøllgrasbane.

– Ein klatrepark i det området er midt i blinken og kjem fleire til gode. Det vil gje eit stort løft til heile området, seier Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

STORE SKADAR: I paviljongen kan ein tydeleg sjå at han har fått har medfart sidan han stod klar i 1985.
STORE SKADAR: I paviljongen kan ein tydeleg sjå at han har fått har medfart sidan han stod klar i 1985.

– Men før det kan skje må prosjektet vera inne i kommunal idretts- og anleggsplan. Difor er denne saka komen opp no, seier Anne Kauppi (Ap) som skildrar saka som dagens gladsak. 

Levetid på 25 år

Klatreparken er prioritert som nummer to bak sandhandballbane på Cuba, men dette vil ikkje rokkere på intern prioritering då det berre er desse to anlegga som er klare for etablering i dag.

Paviljongen vart tatt i bruk i juni 1985 og vart bygd i eit samarbeid mellom Jantsjaren, Øvre Årdal songlag og Farnes mannskor mellom 1982 og 1984. Materialet som vart brukt tilsa ei levetid på 25 år. 

Dei siste åra har paviljongen stort sett berre blitt brukt to dagar i året til 17. mai og skuleavslutning. I fjor vart dette løyst ved å flytta arrangementet opp på torget og i kulturhuset, noko som også vil bli ei framtidig løysing dersom det vert bygd ein klatrepark.

Vil koma ungdommen i møte

Området med paviljongen og framføre han er på 550 kvadratmeter, og ein klatrepark vil krevja 300 kvadratmeter. 

Artikkelen held fram under biletet.

STORT OMRÅDE: Til venstre for dette området ligg skulen. Til høgre ligg fotballbana, og rett fram ligg friluftsbassenget. Ein klatrepark vil vera midt i blinken her, meiner Brandsdal (Ap).
STORT OMRÅDE: Til venstre for dette området ligg skulen. Til høgre ligg fotballbana, og rett fram ligg friluftsbassenget. Ein klatrepark vil vera midt i blinken her, meiner Brandsdal (Ap).

– Viss ein skal endra bruk av paviljongen, må ein sjå det litt i bruk med friluftsbadet, seier Aleksander Øren Heen (Sp) som hadde med seg eit framlegg frå ungdomsrådet.

– Det kom eit ønske om ei sandvolleybane i det området. Det var eit veldig godt forslag, og er eit ønske frå ungdommen, som me elles er harde med i budsjettvedtak. Dersom me kan koma dei i møte, er det positivt. 

Riving av paviljongen vil kosta 52.000 inkludert moms. 

Til toppen