BUSTADUTVIKLING: Even Aarethun ser på fleire moglege konsept for bustader på Sløbakken, men om politikarane går inn for omregulering til bustader, vil han kjapt presentera kva dei tilbyr. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Ingrid Nordbye-Antonsen.
BUSTADUTVIKLING: Even Aarethun ser på fleire moglege konsept for bustader på Sløbakken, men om politikarane går inn for omregulering til bustader, vil han kjapt presentera kva dei tilbyr. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Ingrid Nordbye-Antonsen. (Foto: Ole Ramshus Sælthun/Ingrid Nordbye-Antonsen.)

Her kan det koma rekkjehus

Even Aarethun ser på fleire moglege konsept for bustader på Sløbakken, men om politikarane går inn for omregulering til bustader, vil han kjapt presentera kva dei tilbyr.

Årdal: – Me satsar på at det blir noko av, det er brukt ein del midlar på utviklinga av plassen. Og me reknar med det er stemning for dette i Årdal ettersom det er relativt få nye hus ledige i kommunen, seier Even Aarethun.

Han eig området og dreiv Årdalstangen Feriepark frå 1998 til han for nokre år sidan måtte leggja ned drifta.

– Tradisjonell campingdrift på plassen var ikkje håp, den vart for liten, seier Aarethun. 

Les også: Ikkje forsvarleg med drift

Ser på ulike konsept

I lengre tid har Aarethun hatt tankar om å byggja bustader i området. Prosessen med å få til ei omregulering har teke tid, men no er reguleringsplanen klar for politisk handsaming. 

– Ein del av området er regulert til bustadbygging allereie, no håpar me å få heile plassen regulert til dette slik at ikkje noko står og gror att. Då blir det eit fint, heilskapeleg område, seier Aarethun.

Artikkelen held fram under biletet

PLANAR: Even Aarethun dreiv tidlegare Årdalstangen Feriepark men måtte leggja ned drifta. No nærmar det seg avklaring på om han får byggja bustader i Sløbakken. Arkivfoto
PLANAR: Even Aarethun dreiv tidlegare Årdalstangen Feriepark men måtte leggja ned drifta. No nærmar det seg avklaring på om han får byggja bustader i Sløbakken. Arkivfoto

Han fortel at det ligg an til å bli rekkjehus, men at dette ikkje er låst.

– Me har ikkje laga prospekt på kva me skal tilby enno, og det er ikkje sikkert om me skal gjera det heilt sjølv eller saman med andre. Her jobbar me med ulike alternativ og ulike konsept innanfor dei rammene som er lovlege. Desse er sendt inn som eksempel på kva det kan bli. 

Vil presentera konkrete planar rimeleg raskt om politikarane gir klarsignal

– Kan du seia noko om kva dette vil kosta og korleis det skal finansierast?

– Her har me ikkje tal enno; no er det viktigaste å få avklart om me får lov til å byggja på området. Så må me kartleggja om det er behov nok for nye bustader i Årdal og rekna på det derifrå.

Han håpar og trur det konseptet dei landar på i eit område med mykje sol og godt utsyn vil bli attraktivt.

– Eg vil tru det kan treffa ulike aldersgrupper, både familiar og eldre. Det er kort veg til både skule og sentrum.

– Kan du seia noko om tidsperspektivet?

– Me får først sjå kor lang tid den politiske handsaminga tek. Om me får klarsignal til å byggja vil me relativt raskt koma ut med presentasjon av det me skal tilby.

 

Til toppen