BERMÅLSVIKI: Det er i området rundt det ytste neset at ei tømmerkai kan vera eigna å lokalisera, ifølgje ei utgreiing frå administrasjonen som politikarane i Lærdal får på bordet i komande formannskaps- og kommunestyremøte. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BERMÅLSVIKI: Det er i området rundt det ytste neset at ei tømmerkai kan vera eigna å lokalisera, ifølgje ei utgreiing frå administrasjonen som politikarane i Lærdal får på bordet i komande formannskaps- og kommunestyremøte. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her kan det koma tømmerkai

Bermålsviki blir peika ut som den mest aktuelle lokasjonen for kai i ei kaiutgreiing for Lærdal som politikarane har fått på bordet. Godshamn og cruisehamn blir tilrådd lagt bort i denne omgang. 

Lærdal: Etablering av kai eller hamn i Lærdal har vore eit heitt tema sidan planane kom for ein dag på førsommaren i fjor.

Les også: Norges største godshamn rykker nærare realisering 

Då var det altså først og fremst tale om godshamn. Men i utgreiinga «Etablering av ny kai i Lærdal – Vurdering av behov, funksjon og lokalisering» frå administrasjonen i kommunen står følgjande om godshamn:  

«Det er ein god del store utfordringar knytt til å etablere ei Nasjonal godshavn, og dette krev store ressursar og mykje tid sett av til prosessen. Omstillingsstyret har no utsett arbeidet med vidare utgreiingar av godshamn i kommunen.»

Les også: Ser på potensiale for både cruise-, tømmer-, og godskai

Les også: Meiner godshamn i Lærdal er totalt bomskot

Heller ikkje cruisehamn skal vurderast vidare

Grunngjevingane er fleire for at godshamn no blir tilrådd lagt bort. Først og fremst grunna uheldige miljøkonsekvensar og nærmiljøet i Erdal, som har vore peika på som den aktuelle lokasjonen.

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

Les også: “Skyt først og spør etterpå”-taktikk

Les også: – Ønskjer hamn hjarteleg velkommen i Erdal

«I ein overordna, enkel arealvurdering, kan ein seia at etablering av godshamn for ut- /innskiping av tømmer og ulik gods av denne dimensjonen som her er snakk om, mest truleg får svært store negative konsekvensar for tema som nærmiljø, naturmiljø, landskap, reiseliv og estetikk», står det i utgreiinga.

Også cruisehamn i Lærdal vart det tale om på haustparten i fjor då Arthur Kordt, dagleg leiar i Turistutvikling AS (t.h.) og Ole Heggheim, styreleiar i Cruise Venture AS vitja kommunestyret for å fortelja om korleis ein kan etablera ei slik hamn.

Les også: Cruise i Lærdal: – Spennande, men fort at alle seier «halleluja»

Artikkelen held fram under biletet

CRUISEGURUAR: Arthur Kordt, dagleg leiar i Turistutvikling AS (t.h.) og Ole Heggheim, styreleiar i Cruise Venture AS i Habben. Her såg dei føre seg cruiseturistar koma i land via ein seawalk frå 2018, men dette blir omtala som noko ein ikkje går vidare med i ei fersk kaiutgreiing. Arkiv
CRUISEGURUAR: Arthur Kordt, dagleg leiar i Turistutvikling AS (t.h.) og Ole Heggheim, styreleiar i Cruise Venture AS i Habben. Her såg dei føre seg cruiseturistar koma i land via ein seawalk frå 2018, men dette blir omtala som noko ein ikkje går vidare med i ei fersk kaiutgreiing. Arkiv

Men den ferske kai-/hamnutgreiinga gjer følgjande vurdering av cruiseplanane:

«Vurdering av cruisehamn som aktuell funksjon på kaianlegg i Lærdal må vurderast fyrst gjennom andre prosessar innan reiselivs-næringa enn ein arealvurdering for kaianlegg i Lærdal. Alternativet med cruisehamn som kai-funksjon vert ikkje vurdert vidare.»

Sambrukskai aktuelt

Såleis står berre tømmerkai att som det aktuelle av dei tre eventualitetane. Om tømmerkai står i ugreiinga:

«Det konkrete innspelet om behov for tømmerkai frå EcoInoWaste er i hovudsak knytt til import av tømmer til kommunen. Import av tømmer er og verdiskapning lokalt, og kan vere med å styrke skogbruksnæringa i omkringliggjande kommunar og kommunar langs Sognefjorden ved sal av tømmer lokalt med kort transportveg.»

Såleis konkluderer utgreiinga at tømmerkai skal vera med i den vidare vurderinga – eventuelt med såkalla «sambruk», det vil seia at kaia også kan nyttast til andre føremål, som import og eksport av grus, stein, asfalt, kunstgjødsel og liknande, pluss at det kan fraktast mindre mengder gods til og frå ei slik kai.

Det blir vidare påpeikt at lokasjon av ei slik kai bør ta omsyn til nærmiljøet. Og nettopp lokasjon blir det gjort ei omfattande vurdering av.

Mindre kai aktuelt i «Habben»

Medan bukti i Erdal tidlegare har vorte peika på som det mest aktuelle området for etablering av kai, er det no Bermålsviki rett vest for Bermålstunnelen som no framstår som det beste alternativet. Utgreiinga strekar likevel under at det finst utfordringar her også, og karakteriserer Bermålsviki som «eigna»:

«Området får ikkje vurderinga «godt eigna» på grunn av utfordringar knytt til avkøyrsle frå riksvegen og ned til den aktuelle lokaliteten. Området er aktuelt å vurdere vidare som område for nytt kaianlegg i Lærdal, då med sambrukskai som utgangspunkt.»

Utgreiinga stiller opp ulike lokasjonar i prioritert rekkjefølgje, og på denne lista kjem Lærdal hamn eller «Habben» på 2. plass. Men då er det snakk om kai i mindre skala: 

«Godt eigna og aktuell for eksport og import av mindre mengde gods/varer. Ikkje eigna til tømmertransport eller som stor godshamn. Tilfredstiller i dag behovet som kommunen sjølve har ved å leige plass til anløp av båtar med varer som grus og asfalt, og erstattar dermed behovet for kommunal kai. Likevel moglegheiter for å oppgradere den kommunale kaia til utleige.»

Erdal vurdert som «mindre eigna»

Når det gjeld Erdal er to områder her vurderte; det vil seia Sagøyni, som var området som først og fremst vart peika på av EcoInowaste. Dette området blir i utgreiinga vurdert som mindre eigna og lite aktuelt på grunn av store negative konsekvensar for nærmiljøet.

Artikkelen held fram under biletet

LITE AKTUELT: Området ved Sagøyni blir omtala som mindre godt eigna i utgreiinga. Arkiv
LITE AKTUELT: Området ved Sagøyni blir omtala som mindre godt eigna i utgreiinga. Arkiv

Området vest for utløpet av Erdalselvi blir prioritert hakket ovanfor Sagøyni, altså som tredje prioritet, etter Bermålsviki og Lærdal hamn. Om dette området står følgjande: 

«Lokaliteten vert blant anna på bakgrunn av akseptabel transportveg, tilstrekkeleg vegsamband og tilstrekkeleg djupne vurdert som eigna som tømmerkai med sambruk, men vert på grunn av blant anna negative konsekvensar for nærmiljøet, store kostnadar knytt til skredvurderingar, grunnundersøkingar, bygging av kaifront og opparbeiding av baklager vurdert som mindre eigna.»

Også Vindedalen, Revsnes ferjekai og Fodnes ferjekai blir vurderte i utgreiinga, men alle sett på som lite aktuelle eller uaktuelle for etablering av dei aktuelle kaitypane.

Artikkelen held fram under biletet

ALTERNATIVA: Kart frå kaiutgreiinga som syner dei ulike lokasjonane som er vurderte. Kart: Lærdal kommune
ALTERNATIVA: Kart frå kaiutgreiinga som syner dei ulike lokasjonane som er vurderte. Kart: Lærdal kommune

Meiner politikarane må velja lokasjon først

Politikarane får utgreiinga og saka om vidare arbeid med kai i Lærdal på bordet først i formannskapsmøtet måndag 27. mars, deretter i kommunestyremøtet torsdag 30. mars.

Rådmannen si tilråding er i korte trekk å førebu ein planprosess for å utgreia alternativ til lokalitet i Bermålsviki.

Avslutningsvis i saksutgreiinga rundt står det: «Administrasjonen meiner kommunestyret fyrst må gjere vedtak om lokalitet som skal arbeidast vidare med, og kva prosess det skal vere for det vidare arbeidet. Kommunestyret vil dermed få sak om oppstart av planarbeid med framlegg til Planprogram i neste kommunestyret.»

Til toppen