KAN FÅ MOTTAK: For å ta unna straumen av flyktningar som kjem til Noreg, blir det etablert femten asylmottak i tolv kommunar på Vestlandet. Blant desse tolv finn ein Lærdal. 
KAN FÅ MOTTAK: For å ta unna straumen av flyktningar som kjem til Noreg, blir det etablert femten asylmottak i tolv kommunar på Vestlandet. Blant desse tolv finn ein Lærdal. 

Her kan det kome asylmottak

For å ta unna straumen av flyktningar som kjem til Noreg, blir det etablert femten asylmottak i tolv kommunar på Vestlandet.

Lærdal: Dei nye mottaka skal gi plass til 450 einslege mindreårige asylsøkjarar. Det er åtte ulike leverandørar som tilbyr mottaksplassane, og dei fleste ligg i Hordaland og Sogn og Fjordane, skriv NRK. Planlagt oppstart er seinast ved årsskiftet.

Blant desse kommunane finn ein også Lærdal. Det er Hero, som driv mottaket i Årdal, som tilbyr 40 mottaksplassar her. 

– UDI skal no vurdere om dei åtte leverandørane oppfyller kvalifikasjonskrava som vert til driftsoperatørar. Deretter startar forhandlingane, seier Atle Berge i UDI Vest til NRK.

Vara-ordførar i Lærdal, Trond Øyen Einemo, seier til Porten.no at Lærdal kommune er informert om planane via eit brev frå UDI og at dei jobbar med saka.

– Dette skal me ta med politikken og administrasjonen. Førebels har me ikkje rekt det. Me har nok litt påverknadskraft, men til sjuande og sist er det UDI som sit med avgjerda, seier han. (©NPK/Porten.no)

Til toppen