FÆRRE EPLETRE: Det regulerte området er det tomme feltet og vidare framover. Den delen av eplehagen som er nærast gardstunet vert ståande.
FÆRRE EPLETRE: Det regulerte området er det tomme feltet og vidare framover. Den delen av eplehagen som er nærast gardstunet vert ståande. (Foto: Øyvind Nondal)

Her kan det komma 600 nye graver

Stedje kyrkjegard planlegg utviding, og har laga ein gravplassplan som ventar på godkjenning.

Sogndal: Ein gravplassplan for utviding av Stedje kyrkjegard er laga, og ventar no på godkjenning av bispedømet. Det er òg venta at Riksantikvaren og fylkeskommunen gjev uttale til planen. 

Når godkjenninga ligg føre er det kommunen som gjev byggjetillatelse til å byggja ut området vidare mot Sogndalsdalen frå Stedje kapell. Det regulerte området er det tomme feltet og den delen av eplehagen som står lengst frå gardstunet.

Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger, Jorunn Merete Haukås-Eide, seier til Porten.no at det blir truleg ikkje opparbeidd alt med ein gang, og kva som blir opparbeidd er ikkje avgjort enno.

– Det vil bli rundt 600 nye graver fordelt utover heile dette området, men noko kan verte endra til urnegraver og då vert talet graver anleis, seier Haukås-Eide.

Ho legg til at det er ikkje alt som er avklara i denne prosessen enno.

– I neste omgang må utvidinga finansierast før den kan realiserast, og denne finansieringa er ikkje på plass enno.

Utvidinga er kommunalt finansieringsansvar, avsluttar Haukås-Eide.

Til toppen