UTSETT PARTI: Åbergevegen går omtrent frå Fosshaugane og heilt opp til dei øvste bustadane i Sogndal sentrum. Eit lite strekke av vegen skal no bli sikra for ras. 
UTSETT PARTI: Åbergevegen går omtrent frå Fosshaugane og heilt opp til dei øvste bustadane i Sogndal sentrum. Eit lite strekke av vegen skal no bli sikra for ras. 

Her kan det komme ned nye kampesteinar

Sogndal kommune set i gong sikringsarbeid i rekordfart.

Sogndal: For nokre veker sidan losna fjellhammaren ovanfor Åbergevegen i Sogndal og gjorde stor skade på vegen. Steinen var så stor at den måtte bli sprengt vekk.

Sidan har kommunen undersøkt kor stabilt fjellpartiet er er der raset gjekk. Konklusjonen er at det kan komme meir.

– Difor ser vi det naudsynt å gjere sikringstiltak for å hindre at det skjer, seier rådmann Jostein Aanestad.

Les også: Ras stenger sykkelsti i Utladalen

Han fortel at dei har gjort avtale med entrerprenør om å få sett opp eit nett som skal hindre at meir stein losnar. I tillegg skal det bli enno tryggare for husa som befinner seg på nedsida av vegen.

– Det er  god avstand til næraste hus, men det er bratt, så det er usikkert når det stoppar viss steinen kjem over vegen. Sannsynlegheita for at det skal skje er vurdert til å vere liten, seier rådmannen.

Prisen på sikringa vil komme opp mot ein halv million kroner, noko kommunen håpar NVE vil vere med å dekke.

– Håpet er å få dette på plass anten før jul, eller rett etter, seier Aanestad. 

 

Til toppen