SAMLA: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) fekk samla dei to fylka. Tysdag og onsdag finn det første møtet i Vestland stad.
SAMLA: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) fekk samla dei to fylka. Tysdag og onsdag finn det første møtet i Vestland stad. (Bilde: Birthe Johanne Fredheim Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Her kan du følgje det første fylkestinget i Vestland direkte

Tysdag og onsdag vert det første fylkestinget i nye Vestland fylke halde i Bergen.

Bergen: I det første møtet i det nye fylkestinget for Vestland vert det blant anna val av ei rekkje verv og nemnder. 

Her kan du følgje møtet direkte onsdag frå klokka 14:  

Saksliste: 

  • Rundskriv om konstituerande møte i kommunestyre og fylkesting – rettleiing om val til folkevalde organ med meir. 
  • Godkjenning av fylkestingsvalet.
  • Reglement for folkevalde organ og delegering. 
  • Reglement for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune.
  • Val av fylkesutval. 
  • Val av fylkesordførar og fylkesvaraordfører for 2019 – 2023.  
  • Val av kontrollutval for 2019 – 2023. 
  • Val av valnemnd for 2019 – 2023.
  • Val til folkevalde organ for 2019 – 2023. 
  • KS-val til Landstinget og fylkesmøtet for 2019 – 2023. 
  • Folkevalde i Vestland – rettar og plikter. 
  • Vestlandsrådet – ny samarbeidsavtale. 
  • Val av representantar til Vestlandsrådet. 
  • Oppdatert møteplan for Vestland fylkeskommune hausten 2019 og året 2020. 
Til toppen