SENDER DIREKTE: NFF Sogn og Fjordane sender direkte frå KM i futsal på Sandane denne helga, der fleire lag frå Indre Sogn deltek. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SENDER DIREKTE: NFF Sogn og Fjordane sender direkte frå KM i futsal på Sandane denne helga, der fleire lag frå Indre Sogn deltek. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Her kan du følgje ditt lag i KM

NFF Sogn og Fjordane sender direkte frå KM på Sandane denne helga. Her kan du følgje med ditt lag.

Sandane: Kretsen følgjer i fotspora til Porten.no, som sendte direkte frå kvalifiseringa i Øvre Årdal i februar. 

Denne helga sender dei alle kampane frå bane 3 direkte, både laurdag og søndag. 

– Under sluttspelet vil det vere kommentering av semifinale på bane 3 og finale. Det vil også bli nokre intervju og reportasjar undervegs i turneringa. Me vil vere tett på indre bane og føle på temperaturen i hallen, skriv kretsen på si heimeside.

– Fleire personlegheiter, lokale profilar, trenarar og spelarar vil bli intervjua. Dette skal vere «Norway Cup light»-dekning, med ei uhøgtideleg og positiv vinkling, gjerne med litt krydder. 

Klikk HER for sendinga på laurdag.

Klikk HER for sendinga på søndag. 

Til toppen