JULETRESELJAR: Anders Huke sel mykje edelgran utanfor Sogningen Storsenter. Edelgran er det treet det går mest av.
JULETRESELJAR: Anders Huke sel mykje edelgran utanfor Sogningen Storsenter. Edelgran er det treet det går mest av. (Øyvind Nondal)

Her kan du hogga juletre sjølv

Vil du hogga juletreet sjølv er det enno ikkje for seint. Fram til vetle juleaftan kan du hogga på ulike stadar i Indre Sogn.

Slik steller du pent med treet ditt

  1. Først må treet akklimatiserast. Eit tre som har stått ute i frost må få gradvis venje seg til inneklima, og det kan difor vera lurt og først setja treet på ein skuggefull og kald stad. Om muleg kan du setja det i garasjen eller kjellaren slik at det tinar opp om det har vore fryst. Hugs å klyppe av eventuell emballasje slik at greinene får retta seg ut.
  2. Før du set treet i juletrefoten kan det vera lurt å sage av ei tynn skive på 2-3 centimeter av rotenden. Slik vert det lettare for treet å ta opp vatn, og vil gjera at treet held seg lengre med mindre nåledryss.
  3. Etter treet er sett i foten er det viktig å etterfylle med kaldt vatn. Om det har nokon effekt med ulike haldbarheitsmiddel, sitron eller andre kjerringråd i vatnet er det ulike meiningar om, men det viktigaste er at treet har tilgang på friskt vatn.
  4. Unngå å plassere treet for nær varmekjelder. Dette både i høve brannfare og treets ve og vel. Kort sagt burde ein handsame treet på same måte som med snittblomster.
  5. Nyt synet av ditt norske juletre.

Kjelde: http://www.norskjuletre.no

Sogndal: Porten.no har laga eit oversyn over stadar du kan hogga juletre sjølv. Dei tre juletreseljarane tilbyr sjølvhogst fram til vetle julaftan.

Om sjølvhogst seier dagleg leiar i bransjeorganisasjonen Norsk Juletre, John-Anders Strande, seier til Porten.no at tradisjonen kom til Noreg på 1800-talet.

– Trea vart henta der det var lettvint, ofte rundt tunet eller på beiter. Der det ikkje var gran å finne, vart også furu og einar nytta seier Strande.

Han seier at i vår tid er det meir rasjonelt å plante tre med føremål å produsere juletre. I byane er det ikkje ein sjølvfølge at ein kan gå ut og hogge, og då nyttar skogeigarar denne mulegheita til å selje.

Krev meir symmetri og tettleik

Strande seier at edelgranartane ikkje veks vilt i Noreg. Når desse gjorde sitt inntog i landet måtte ein plate dei i plantasjar.

– Berre dei siste ti åra har det vore stor innstramming i kva kundane krev av symmetri og tettleik i trea, legg han til.

Edelgran sel også Anders Huke som står utanfor Sogningen Storsenter i desse dagar. Han seier til Porten.no at edelgrana går det mest av.

Ute på Leikanger tilbyr Huke også sjølvhogst. 

– Vi har ein fast dag i året for dette, men folk kan hogga etter avtale fram mot vetle julaften òg, seier han.

Norsk klima gjev god kvalitet

Strande i bransjeorganisasjonen Nors Juletre seier at kvaliteten på norske tre er god som følgje kombinasjonen av dyktige produsentar og eit klima som gjer at også bruken av plantevernmidlar er minimale samanlikna med utanlandske produsentar.

– Også bruk av sau for å halde ugraset nede bidreg til dette. Denne kvaliteten og miljøvennlegheita er særs interessant i utlandet og det er stor etterspurnad etter norske trer i premiumsegmentet, avsluttar han. 

Her kan du hogga

OKLEVIK PÅ HAFSLO: På Oklevik har det vore selt juletre sidan midten av 1960-talet. Her kan du hogga sjølv fram til julaftan. 
OKLEVIK PÅ HAFSLO: På Oklevik har det vore selt juletre sidan midten av 1960-talet. Her kan du hogga sjølv fram til julaftan.  Bilde: Ove Oklevik

Ein av dei som tilbyr sjølvhogst er Ove Oklevik. Han seier til Porten.no at han tilbyr sjølvhogst fram til julaftan.

– Vi har selt juletre sidan midten av 1960-talet, seier han.

Kundane dei kjem frå Kaupanger og Sogndal, og innover mot Luster. På tunet har vi bålpanne for grilling av pølser også, legg han til.

– Sjølvhogst er ein typisk familieaktivitet for mindre ungar. Dei som ikkje har mindre ungar kjøper gjerne frå gardsutsal avsluttar han.

Leikanger

Sjur Huke, Eggjavegen 13.

Lærdal

Arne Slogvik, Tønjum.

Hafslo

Ove Oklevik, Oklevik.

Til toppen