IKKJE LOV: Skiltet viser munningssona utanfor Nausta. Foto: Fylkesmannen/John A. Gladsø.
IKKJE LOV: Skiltet viser munningssona utanfor Nausta. Foto: Fylkesmannen/John A. Gladsø.

Her kan du ikkje fiske sjøaure

Har du tenkt til å fiske etter sjøaure om våren, må du vite kor du kan kaste ut agnet. 

Indre Sogn: Det fine vårvêret kan få fram fiskelysten hjå mange, og på sjøen er det fullt mogleg å teste ut lykka.

Men før det, må du kjenne til fiskereglane. Ein kan nemleg ikkje fiske etter sjøaure kor som helst. 

Det er nemleg ikkje lov til å fiske sjøaure i fredingssonene utanfor vassdrag før fisket opnar i elva. Alle vassdrag med sjøaure har ei fredringssone på 100 meter utanfor munningen.

Utanfor større vassdrag er det i tillegg ei utvida sone der det ikkje er lov til å fiske etter sjøaure. Dette er tilfelle for fleire vassdrag i Indre Sogn, som Hæreidselva og Lærdalselva. 

I tillegg skal sjøaure som er kortare enn 35 centimeter setjast skånsamt ut att, opplyser fylkesmannen

– Fiske etter sjøaure med garn er ikkje lov. For å unngå bifangst av sjøaure ved garnfiske etter marin fisk, er det krav om å senke garn med maskevidde større enn 32 millimeter (20 omfar) tre meter ned i perioden 1. mars til 30. september. I Lustrafjorden, Årdalsfjorden, Vetlefjorden og Sværefjorden gjeld denne nedsenkinga alle garn uansett maskevidd, skriv fylkesmannen. 

Til toppen