TEK IMOT: Sport 1 i Øvre Årdal tek imot ubrukt fyrverkeri. Foto: Sunniva Øvstetun
TEK IMOT: Sport 1 i Øvre Årdal tek imot ubrukt fyrverkeri. Foto: Sunniva Øvstetun

Her kan du levere fyrverkeriet ditt

Dersom du sit att med fyrverkeri etter nyttårsafta, kan du levere dette hjå Sport 1 i Øvre Årdal.

Etter ei nyttårsafta prega av mykje vind og lite snø sit mange att med ubrukt fyrverkeri.

Fyrverkeri som ikkje kan nyttast på vanleg måte må destruerast, og politiet gjekk fredag ut og oppmoda  publikum til å returnere ubrukt fyrverkeri attende til forhandlar. 

Reidar Offerdal ved Sport 1 i Øvre Årdal har difor opna for å ta imot ubrukt fyrverkeri i sitt lokale i på torget i Øvre Årdal.

– Me er forhandlarar av fyrverkeri av merke Svea og Spectra, og me kan difor berre ta imot fyrverkeri av desse merka. Det spelar ingen rolle om det er kjøpt andre stadar, så lenge det er fyrverkeri av desse to merka.

Inga tidsgrense
Offerdal fortel at det ikkje er noko tidsfrist på å levere attende fyrverkeriet til dei, og at dei tek imot så lenge nokon har noko å kome med.

Offerdal legg til at det ikkje er farleg å oppbevare fyrverkeri sjølv, men at eksplosiva då må oppbevarast turt og kjøleg.

– Me må sjølvsagt forholde oss til oppmodinga frå politiet og tilrår alle å levere fyrverkeri attende til forhandlar, men det er altså ingen fare ved å oppbevare det sjølv, dersom det vert oppbevart på rett måte.

 

 

Til toppen